Mekling - Kommunedelplan Tønjum - Ljøsne

Lærdal kommune deltok tysdag 20.12.11 på meklingsmøte med Statens vegvesen hjå Fylkesmannen, for å mekle om vegalternativa for E 16 i Kommunedelplan Tønjum - Ljøsne.  Lærdal kommune har vedteke eit vegalternativ med tunnelløysing, som Statens vegvesen har motsegn mot.  Lærdal kommune var representert av ordførar, rådmann, Trond Øyen Einemo (politikar frå opposisjonen), juridisk rådgjevar og arealplanleggjar.  Meklinga førde ikkje til einigheit, og saka vert difor sendt til Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd på nyåret.

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS