Min skole - foresatt app har fleire funksjonar:
 
- motta og sende meldingar (skule-heim dialog)
- føresette kan registrera fråvær  
- få varsel om fråvær
- sende melding til lærar, rektor, SFO m.m.
- legge inn merknad/beskjed til SFO
- sjå karakterar (haust/vår/standpunkt-eksamen)
- registrere samtykke
- sjå kva e-post/telefonnummer skulen har registrert på deg
- endre pinkode og språk
 
Du kjem også inn på foresattportalen via Min skole-appen og innlogging med ID-porten - her kan du mellom anna søkja om permisjon frå skulen for barnet ditt, søkja om SFO-plass eller seia opp SFO, søkja om redusert betaling og søkja om skuleskyss. At du kjem inn her via appen er nytt frå januar 2024.
 
Me minner om at føresette ikkje må sende sensitiv informasjon (til dømes helseopplysningar) i appen til skulen. Les meir om appen på Visma sine nettsider.
 
Foresatte som ikkje har smarttelefon, og dermed ikkje kan ta i bruk appen, kan logg inn på fullversjon av Visma Flyt skole og sende meldinger til skolen derfra.
 
Last ned appen fra Google Play eller App store. For å logge på må de logge inn via ID porten. Velg Lærdal og registrer PIN-kode som de også skal bruke seinare. For meir rettleiing kan du sjå instruksjonsheftet for bruk av Min skole