Minner om Folkemøte onsdag

Det vert folkemøte i Kulturhuset onsdag 30.05.2018 kl. 19.00 om Kommuneplanarbeidet, og påfølgjande open kontordag for kommuneplanarbeidet torsdag 31.05.2018 kl. 09 - 14.00 på Plankontoret i 3. etasjen på rådhuset. Vel møtt

Folkemøte er eit informasjonsmøte om Kommuneplanarbeidet, både Samfunnsdelen og Arealdelen.  Kommunen er i sluttfasen i prosessen for å lage ny Samfunnsdel, som skal seia noko om mål og strategiar for utvikling av kommunen vår dei neste 10-12 åra.  Kommunen er i startfasen i prosessen for å lage ny Arealdel, som skal seia kva me skal bruka alt areal innanfor kommunegrensa til dei neste 10-12 åra.  Dette kan handle om nye bustadareal, hytteområde, næringsareal, friluftsområde osv. På møtet vil det vere høve til å stille spørsmål kring prosessen, innhaldet i planane, framdriftsplanar osv.   Det vert påfølgjande open kontordag torsdag 31. mai , for dei som ynskjer å snakka med oss om kommuneplanarbeidet aleine, eventuelt koma med innspel. 

Samfunnsdelen og Planprogrammet til Arealdelen ligg ute til offentleg ettersyn, og dokumenta kan lesast under fana "Tenester" - "Planar" - "Planar under arbeid".

Tips en venn Skriv ut