Minner om møte - Flyktningguide i Lærdal og Aurland?

Flyktningguide

Røde Kors i Aurland kommune og Lærdal kommune vil invitere til informasjonsmøte om flyktningguide. Dette er eit samarbeid med flyktningtenesta i Nav Lærdal og Nav Aurland.

Informasjonsmøte vil finne stad:

Tid: torsdag 23. mars kl. 18.00 Stad: Lærdal kommunestyresal, 2. etasje på Rådhuset

Som flyktningguide kan ein koplast saman med ein flyktning i kommunen din slik at han eller ho vert kjent med språk, kultur og lokalsamfunnet. Ein flyktning som ikkje kjenner Noreg så godt vil ha mange spørsmål til daglegdagse problemstillingar, som til dømes; korleis søkjer vi barnehageplass? Kva skjer på 17. mai? Flyktningguide kan vere med på å vise veg inn i lokalsamfunnet og vere med på å utvikle nettverket til flyktningen. Flyktningguiden skal vere eit medmenneske og ein å stole på. Den friviljuge vil få ein unik moglegheit til å bli kjent med ein anna kultur, og ein anna sin personlege historie og bakgrunn.

Det er ikkje krav til kva de skal gjere på saman, men døme på aktivitetar kan vere middag, fotballkamp eller gå tur. Tida du og flyktningen kjem til å bruke saman kan variere, men i gjennomsnitt ein til to timar i veka over ei tid på om lag eit år. Etter dette vil kontrakten vere over, men kanskje ikkje venskapet?

Røde Kors syter for at de som frivillige får oppfølging og tilbod om kurs, i tillegg til å underteikne og overhalde etikk- og teieplikterklæring.

For meir informasjon om å vere flyktningguide i Aurland eller Lærdal kan du komme på informasjonsmøte i Lærdal kommunestyresal torsdag 23. mars kl. 18.00. Der vil Røde Kors frå Sogn og Fjordane informere, i tillegg til lokale Røde Kors og flyktningtenestene i Aurland og Lærdal.

Enkel servering.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen til å bidra i integreringa.

 

Med vennleg helsing

Lærdal Røde Kors, Aurland Røde Kors og Flyktningtenestene i Nav Lærdal og Nav Aurland

Tips en venn Skriv ut