Motorsagkurs i Lærdal 21-22.11.17

Motorsag

Lærdal kommune ved skogforvaltninga vil arrangera motorsagkurs tysdag 21. og onsdag 22.november i Lærdal.
Påmelding med namn og mobilnummer til  arne.kristian.borger@luster.kommune.no.

Kurset kostar kr 1670,- for kvar deltakar frå landbruket og kr 2505,- for andre bransjar.

Dag ein er inne med fokus på stell av motorsag. Økta er på kvelden (start 17.30) med oppmøte ved Felleskjøpet/Lærdal grønt.
Dag to (heil dag) vert ute i felt med fokus på riktig og trygg felling av tre.
Arnt Laukeland er kursinstruktør. Du må stille med eiga motorsag og i tillegg verneutstyr på utedagen.

Påmelding til: arne.kristian.borger@luster.kommune.no. Gje opp namn og mobiltelefon slik at vi kan kontakte deg for å gje nærare opplysningar om kurset.

 

Tips en venn Skriv ut