Lærdal Kommune
Startside
Tenester
Om Lærdal
Næring
Administrasjon
Kyrkje
Satsar og gebyr
Linkar
Dokumenter
Kontakt oss
<<  Juni 2010  >>
 Man  Tir  Ons  Tor  Fre  Lø  Sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
282930    

Lærdalshallen

Verdsarv
Vestnorsk fjordlandskap

Jeriko
Vennskapskommunen

Sognekart

idrettsanlegg.no

kontaktoss
Næring i Lærdal
Kommunen har lange tradisjonar innan landbruk og reiseliv, men ein har etterkvart fått stort innslag av offentleg og privat tenesteyting.
Etter opninga av Lærdalstunnelen hausten 2000 fekk ein eit heilårsope, ferjefritt og bompengefritt aust-vest-samband i Noreg. Samstundes vart Lærdal ein endå større innfallsport til Sogn og Fjordane som følgje av at Ev16 - Rv5 møtest i Lærdal. Målingar etter tunnelopninga tilseier ei trafikkfordeling aust-vest og nord-sør på 50% - 50%. Til Bergen treng du under 3½ time og til Oslo under 4½ time.

Etter opninga av Lærdalstunnelen er dei tre kraftkommunane Aurland, Lærdal og Årdal eitt felles bu- og arbeidsområde med oppmot 10.000 menneske på sørsida av Sognefjorden. Dei tre kommunesentra ligg under ein halv time frå kvarandre. Som geografisk midtpunkt er Lærdal eit godt utgangspunkt for å tene nærområdet, samt aust-vesttrafikken. Regionsenteret Sogndal ligg ein halvtimes reise nordover.

Som lokalsamfunn har ein i Lærdal kort veg til dei viktigaste offentlege og private tenesteytarane.

Nytt denne strategiske føremonen og undersøk moglegheitene for lokalisering i Lærdal. Lærdal kommune informerer gjerne om:

* kontor- og forretningslokale på Lærdalsøyri
* næringsareal på Lærdalsøyri
* Lærdalstunnelen næringspark
* støtteordningar
* etablerarrådgjeving
 
Kontakt oss Ledige stillingar Politikk PostlisteSkjema Plansaker Aktuelle tema NAV
kulturminnearet
laerdalsmarknad

helgogkvardag

Indre Sogn Kunstsenter
val