Nytt frå viltforvaltninga

 

Hordahjort

Dei hjortane som vart merkte i 2010 og 2011 her i ÅLA er alle observerte no i vinter. Desse dyra skal ut før sommaren 2013, prosjektet vil søkja DN om løyve til å ta dyra ut viss dei etter ordinær jakt til hausten framleis er i live.

Det blir sonemøte 25.april på Voss jordbruksskule kl. 19-22, her bør hjorteutvala møte opp.

Prosjektleiinga er aktivt med i tilpassingane den nye forvaltningsforskrifta gjer moglegheiter til.

 

Vårteljing

Vårteljinga startar opp måndag 26. mars, 6 kveldar skal det teljast frå kl. 23.00. Vårteljeskjema er sendt ut til Hjorteutvala, teljinga er ein lekk i arbeidet med å setja kvotar, i lag med sett hjort skjema og fellingsresultat.

 

Forvaltningsplan ÅLA

Kommunen vil i år fordela løyva etter forvaltningsplan godkjend i 2011. Det vil bli sett opp ein 4 års rulleringsplan slik at småvalda kan sjå kva løyve dei får. Det vil og bli utdelt løyve på spissbukk, dei vil bli tekne frå hanndyrkvoten. Rulleringsplanen vil bli sendt ut til Hjorteutvala for uttale før tildelinga blir gjennomført.

I forvaltningsplanen er det opning for ekstraløyve for dei som skyt kalvar under 20 kg. Dette vil bli gjennomført dette året, gje beskjed til felles landbrukskontor ÅLA, så henvise dei til kontaktpersonar som føretek kontrollveging.

 

Forvaltningsforskrift

 

I den nye Forskrifta om forvaltning av hjortevilt er det eit nytt begrep som heiter «Bestandsplanområde». Kunnskapen frå merka hjortevilt viser at bestandar i dei fleste tilfelle bruke så store område at dagens valdstruktur er lite eigna til å styra bestandsutviklinga. Pr. i dag er det ikkje høve til å laga samjaktavtalar mellom valda. Reiskapen grunneigarane har for å forvalte hjortebestanden er å laga storvald, problemet med storvald er at det er krav om at det skal vera samanhengande eigedomsgrenser og alle eigarane skal vera einige. I den nye forskrifta er begrepet «Bestandsplanområde» teke inn og det skal vere det naturlege område ei stamme bruke. Innanfor eit slikt område kan rettigheitshavarane lage samjaktavtalar, og det er ikkje dei same krava til samanhengande eigedomsgrenser. Det kan og lagast bestandsplanar på opptil 5 år og ein kan få utdelt frie løyve. Det står i forskrifta at fellingsløyva kan overførast frå eit år til neste, men ikkje «vesentlege» kvotar, antyda pluss/ minus 10%.

Foreløpig er det uklart kor store desse bestandsplanområda kjem til å bli, kravet er minimum 20 gonger minstearealet.

Gjennomsnittleg viser Atle Mysterud i den overordna nasjonale prosjektrapporten at ein bestand brukar 300km2 – 300 tusen mål. Ein bestand er då beskriven til å vera 80% av dyra for området. Fylkeskommunen inviterer kommunale viltforvaltarar og politikarar til samling 16.-17. april på. Der vil me få meir oppdatert informasjon om den nye forskrifta. Meir informasjon kjem om dette temaet i etterkant av samlinga.

 

 

Kontakt oss

Landbrukssjef
Magnhild Aspevik
Tlf:
5764 1223

Sakshandsamar
Solgun Haugen
Tlf:
5764 1238

Sakshandsamar
Ingunn B Skjerdal
Tlf:
kontoret i Lærdal
5764 1228
kontoret i Aurland
5763 2990

Sakshandsamar - viltforvaltning
Knut Fredrik Øi
Tlf:
9305 9637

Prosjekt gardskart
Gunnstein Husdal
Tlf:
57641239 

Prosjekt sau og utmark
Jostein Vonheim
Tlf: 
9002 4850

Planar og rapportar

Web levert av CustomPublish AS