BookUp har fleire nyttige funksjonar. Blant anna kan du som ønskjer å leige eit lokale lett få oversikt over tilgjengelege lokale/utleigeobjekt, og enkelt sjå i kalendaren når lokalet er ledig. 

 

ywNAAAAAElFTkSuQmCC

 

Under dei ulike lokala vil du også få ei oversikt over prisane for leige. Det er mogeleg å tilpassa prisen utifrå om du leiger som privatperson, lag/organisasjon eller bedrift. Maksprisen vil variere og er noko som kan avtalast nærare med tenestetorget.

 

Ein av fordelane ved BookUp vil vera at du no slepp å bruke tid på å kontakte kommunen for å sjå om objektet er ledig - no finn ein all denne informasjonen i BookUp. Dette gjer det meir brukarvenleg for deg som ynskjer å nytte deg av dette tilbodet. Dersom du framleis treng hjelp for å låne eit lokale, må du sjølvsagt berre kontakte tenestetorget, så hjelper me deg vidare.

 

Dersom du ønskjer å booke bygg via BookUp må du opprette ein bruker. Dette gjer du inne på www.bookup.no.

 

Kva bygg kan du leige?

I første omgang vil det bli høve til å bruke BookUp til å leige kultursalen, kunstfoajeen og Borgund samfunnshus.Etterkvart vil fleire lokale og idrettsanlegg bli lagt til i løysinga. 

 

Oversikt over kommunale bygg til utleige finner du på sida: Lån eit lokale.

 

Ta kontakt med tenestetorget dersom de har innspel eller merknadar til løysinga. Me gjer merksame på at i ein oppstartsfase vil det kunne forekomme ein del manglar, og me vil gjerne ha tilbakemelding på korleis me på best mogeleg måte kan gjere tilbodet betre.