- Menn og kvinner er likestilt uavhengig av fødselstidspunkt
- Barn som er fødd utafor ekteskap og adopterte barn er likestilt med ektefødde barn, sjølv om dei er fødd/adopetert før 1.januar 1965
- Sambuarar som lever i ekteskapsliknande forhold (ekteskapsliknaden forhold=arvelova § 28a) er likestilt med ektefelle
- Sambuarar er gjeve like eller tilsvarande moglegheiter som ektefeller til å odla ein eigedom saman, og til å bruka eigedommen viss den som har odelsrett døyr fyrst.
- Gjenlevande ektefelle eller sambuar (i ekteskapslikande) er beskytta mot odelsløysing når deira ektefelle/sambuar med odelsrett døyr (odelslova §§34-36). Den gjenlevande kan forbli eigar av eigedommen i ein periode utan å frykta at barn, avdødes særkullsbarn eller andre odelsberettiga går til løysingssak for å ta eigedommen frå han/ho.
o Ovanfor eigne barn er den gjenlevande beskytta fram til pensjonsalder
o Beskyttelsen mot særkullsbarna sin odelsrett varar fram til særkullsbarnet fyller 18 år.
o Ovanfor odelsberettiga lengre ute i slekta er gjenlevande verna fram til pensjonsalder, so lenge han/ho hadde felleseiga med avdøde i minst 5 år.
o I alle tilfeller kan dei odelsberettiga la gjenlevande forbli eigar lenger enn minstetida som er fastsett i odelslova utan at dei mister sin rett til å løysa eigedommen.
o Det er eit vilkår for vernet at gjenlevande oppfyller bu-og driveplikta.
- For at gjenlevande ektefelle/sambuar skal ha vern som nemnt i odelslova må gjenlevande seinast 1 år etter han/ho vart eigar bu på eigedommen og bruka den som sin reelle bustad. Viss gjenlevande overtek eigedommen som eigar får vedkommande buplikt òg etter konsesjonslova ved overtakinga.
- Ordninga med at eigarar av odelseigedommen kan gje kjøpstilbod til betre prioriterte odelsberettiga er vidareført og utvida (tilbodsregelen § 20), men svarfristen er redusert til 2 månadar
o No kan denne regelen brukast ovanfor alle odelsberettiga
o Ved sal både til odelsberettiga og utanforståande
o Òg når ein ikkje har ein avtale med ein namngjeven person
- Adgangen til å nekta odelsløysing når dette vert klart urimeleg (urimlegheitsregelen §21) er utvida. Gjeld no òg der nye eigaren ikkje er eigaren sine yngre barn.
o Kan påberopes av eigarar utan odelsrett
o Kan brukast på skifte
o Ved klar urimelegheit ved opphevelsen av 1965-regelen
- Reglane om odelsfrigering er forenkla, og fristen for å søkja om odelsfrigjering er redusert til 2 månadar. Skal nyttast for alle søknadar som er under handsaming.
- Uttalefristen for dei odelsberettiga er redusert til 1 månad.
- Odelsløysingsfristen er redusert til 6 månadar.
o Fristen for å gå til løsningssak er 6 månadar frå den nye eigaren har tinglyst skøyta på eigedommen. Ventar ein lengre er det for seint, og odelsretten har falt bort.
o Odelsfråskrivinga må skje skrifteleg
o Foreldelsesfrist løper mellom sameigarar
§ Syskin som overtek foreldra sin gard i sameige må løysa frå kvarandre for å bevara odelsretten til heile eigedommen. Odelssameige er ikkje ønska.
- Arealgrensa for odelseigedomar er auka til 25 daa fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller 500 daa produktiv skog. Med til eigedommens arealgrunnlag reknar ein eigedommens del i realsameige.
- Viss eigedomen har meir fulldyrka og overflatedyrka jord enn 25 daa, eller meir enn 500 produktiv skog, kan den odlast, og det oppstår lovbestemt buplikt når odelsberettiga eller nær slektning ervervar slik eigedom viss eigedomen er bebygd og bebyggelsen er eller har vore brukt som heilårsbustad.
- Reglane om kva eigedomar som kan odlast er endra slik at dette berre vert eit spørsmål om arealgrenser.
- Uttrykket ”kan nyttast til landbruksdrift” er teke ut av lova, slik at det no berre er størrelsen på eigedomen som avgjer om det kan krevjast buplikt eller ikkje.
- Odelsfrigjering av tilleggsjord kan berre gjevast viss det ikkje er tvil om at omsynet til odelsberettiga må vika for rasjonaliseringsgevinsten som er oppnådd.
- Buplikta skal gjelda bebygd eigedom som har vore brukt som heilårsbustad
- Regelen om 10 års buplikt ved odelsløysing er redusert til 5 år.
- Det er ikkje lenger mogleg å oppfylla buplikta ved å bu halvparten av tida på garden.
- Personar med odelsrett og nære slektningar som ikkje kan eller vil oppfylla buplikta, må søkja om konsesjon.
- Etter odelslova §25 kan ein fråskriva seg sin løysingrett eller odelsrett. Nytt frå 01.07.09 er at denne erklæring om å sei frå seg løsnings- og odelsrett må vera skrifteleg. Munnlege erklæringar før dette tidspunktet er likevel gyldige.
o Ein kan skriva frå seg odelsretten i det heile, men då vil ein ikkje lenger kunna bruka odelsrett i nokon samanhengar.
o Ein kan òg skriva frå seg løsningsretten ovanfor konkrete personar. Ein kan skriva erklæring om at ein ikkje vil bruka løsningsretten sin ovanfor X med etterkommarar.
o Mindreårige kan ikkje fråskriva seg odels- og løsningrett utan samtykke frå Overformynderiet. Det er ikkje gyldig for barna om foreldra skriv frå seg odelen på vegne av seg og sine barn.
- Der det er ”oppstått anledning” til å bruka odelsrett før 01.07.09 gjeld gamle reglar.