Odel

Viss eigedomen har meir fulldyrka og overflatedyrka jord enn 35 daa, eller meir enn 500 produktiv skog, kan den odlast, og det oppstår lovbestemt buplikt når odelsberettiga eller nær slektning ervervar slik eigedom viss eigedomen er bebygd og bebyggelsen er eller har vore brukt som heilårsbustad.
Med til eigedommens arealgrunnlag reknar ein eigedommens del i realsameige.

I 2014 kom det nye reglar på kven som har odelrett til ein gard;

  • Barn av ein som har eigd odelsgarden. Det kan vera barna til den som eig garden i dag eller til tidlegare eigarar.
  • Barnebarn til den som eig garden no.

 

Menn og kvinner er likestilt uavhengig av fødselstidspunkt.
Barn som er fødd utafor ekteskap og adopterte barn er likestilt med ektefødde barn, sjølv om dei er fødd/adopetert før 1.januar 1965
 

Sambuarar som lever i ekteskapsliknande forhold (ekteskapsliknaden forhold=arvelova § 28a) er likestilt med ektefelle .
Sambuarar er gjeve like eller tilsvarande moglegheiter som ektefeller til å odla ein eigedom saman, og til å bruka eigedommen viss den som har odelsrett døyr fyrst.


Gjenlevande ektefelle eller sambuar (i ekteskapslikande forhold) er beskytta mot odelsløysing når deira ektefelle/sambuar med odelsrett døyr (odelslova §§34-36). Den gjenlevande kan forbli eigar av eigedommen i ein periode utan å frykta at barn, avdødes særkullsbarn eller andre odelsberettiga går til løysingssak for å ta eigedommen frå han/ho.

  • Ovanfor eigne barn er den gjenlevande beskytta fram til pensjonsalder
  • Beskyttelsen mot særkullsbarna sin odelsrett varar fram til særkullsbarnet fyller 18 år.
  • Ovanfor odelsberettiga lengre ute i slekta er gjenlevande verna fram til pensjonsalder, so lenge han/ho hadde felleseiga med avdøde i minst 5 år.
  • I alle tilfeller kan dei odelsberettiga la gjenlevande forbli eigar lenger enn minstetida som er fastsett i odelslova utan at dei mister sin rett til å løysa eigedommen.
  • Det er eit vilkår for vernet at gjenlevande oppfyller bu-og driveplikta.

 

For at gjenlevande ektefelle/sambuar skal ha vern som nemnt i odelslova må gjenlevande seinast 1 år etter han/ho vart eigar bu på eigedommen og bruka den som sin reelle bustad. Viss gjenlevande overtek eigedommen som eigar får vedkommande buplikt òg etter konsesjonslova ved overtakinga.
 

Eigarar av odelseigedommen kan gje kjøpstilbod til betre prioriterte odelsberettiga (tilbodsregelen §20), med ein svarfristen på 2 månadar

  • Denne regelen brukast ovanfor alle odelsberettiga
  • Ved sal både til odelsberettiga og utanforståande
  • Når ein ikkje har ein avtale med ein namngjeven person

 

Adgangen til å nekta odelsløysing når dette vert klart urimeleg (urimlegheitsregelen §21) er utvida. Gjeld òg der nye eigaren ikkje er eigaren sine yngre barn.

  • Kan påberopes av eigarar utan odelsrett
  • Kan brukast på skifte
  • Ved klar urimelegheit ved opphevelsen av 1965-regelen


Fristen for å søkja om odelsfrigjering er 2 månadar.

Uttalefristen for dei odelsberettiga er 1 månad.

Odelsløysingsfristen er 6 månadar.

  • Fristen for å gå til løsningssak er 6 månadar frå den nye eigaren har tinglyst skøyta på eigedommen. Ventar ein lengre er det for seint, og odelsretten har falt bort.
  • Odelsfråskrivinga må skje skrifteleg
  • Foreldelsesfrist løper mellom sameigarar
    • Syskin som overtek  foreldra sin gard i sameige må løysa frå kvarandre for å bevara odelsretten til heile eigedommen. Odelssameige er ikkje ønska.
       

Odelsfrigjering av tilleggsjord kan berre gjevast viss det ikkje er tvil om at omsynet til odelsberettiga må vika for rasjonaliseringsgevinsten som er oppnådd.

Buplikta skal gjelda bebygd eigedom som har vore brukt som heilårsbustad

Personar med odelsrett og nære slektningar som ikkje kan eller vil oppfylla buplikta, må søkja om konsesjon.


Etter odelslova §25 kan ein fråskriva seg sin løysingrett eller odelsrett. Denne erklæring om å sei frå seg løsnings- og odelsrett må vera skrifteleg.

  • Ein kan skriva frå seg odelsretten i det heile, men då vil ein ikkje lenger kunna bruka odelsrett i nokon samanhengar.
  • Ein kan òg skriva frå seg løsningsretten ovanfor konkrete personar. Ein kan skriva erklæring om at ein ikkje vil bruka løsningsretten sin ovanfor X med etterkommarar.
  • Mindreårige kan ikkje fråskriva seg odels- og løsningrett utan samtykke frå Overformynderiet. Det er ikkje gyldig for barna om foreldra skriv frå seg odelen på vegne av seg og sine barn.

 

 

For meir informasjon;
Landbruksdirektoratet - odel

Tips en venn Skriv ut