Ofte stilte spørsmål

 

Her har me samla dei mest aktuelle spørsmåla som dukkar opp i samband med kommune- og fylkestingvalet
 
Korleis finn eg ut om eg er i manntalet
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset og biblioteket i midten av juli månad.

 
Kva er eit valkort og når brukar eg det?
Eit valkort inneheld personleg informasjon om kvar og når du skal stemme på valdagen. Valkort vert sendt ut til alle veljarane. Dersom du skal førehandsrøysta, må du ha valkort. Vi oppmodar alle til å ha med valkortet som du får tilsendt dersom du vil førehandsrøysta. Det er ikkje krav om at du skal ha valkort når du skal røyste på valdagen.
 

Når får eg tilsendt valkort?
Valkorta vert sendt ut i månadsskiftet juli/august i valåret

Kva gjer eg om eg ikkje har fått valkort eller har mista det?
Du kan få eit nytt ved å kontakte sekreteriatet for valstyret, Laila Kvigne tlf 57641205
 
Legitmasjon - må eg vise legitimasjon når eg skal røyste?
I utgangpunktet skal alle veljarar legitimere seg for å kunne røyste. Dette for å sikra gjennomføring av prinsippet om at ein veljar – ei røyst, og at røyster ikkje vert gjeve i andre personar sitt namn. Du treng ikkje vise legitimasjon dersom du og røystemottakar er kjende.
 
Førehandsrøysting - kvar røyster eg om eg ikkje kan røyste i mitt vallokale på valdagen?
Dersom du ikkje kan røyste på heimstaden din på valdagen, må du førehandsrøysta. Dette kan du gjere enten i eigen heimkommune eller i annan kommune. Hugs at du må ha med legitimasjon for å få røyste. Ta med valkortet – det sparer deg for tid i røystelokalet.
 
Korleis føregår førehandsrøysting?
Prosedyren for førehandsrøysting er noko annleis enn om du avgjer røyst på valdagen. Ved førehandsrøysting vert røystesetelen lagt i ein røystesetelkonvolutt, som så vert lagt i ein ny konvolutt saman med valkortet. Før oppteljinga startar, vert valkorta skilt frå røystesetelkonvolutten. Røystesetelkonvoluttane vert lagt i ei valurne. Når oppteljinga startar, er det ikkje mogeleg å spore kven som har stemt.
 
Viss eg er for sjuk til å kome til vallokalet - korleis får eg røyste?
Dei som på grunn av sjukdom eller er ufør ikkje kan røyste der det vert avhelde førehandsrøysting, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Dette vert kalla ambulerande røysting. Søknadsfristen er ca ei veke før valdagen. Søknad kan sendast sekretæriatet for valstyret, eller ta kontakt via epost: laila.kvigne@laerdal.kommune.no
Tidsrommet for ambulerande røysting vert annonsert.
 
Når kan eg førehandsrøyste?
Du kan førehandsrøysta i Noreg frå 1. juli ( tidleg førehandsrøyst og gjeld for dei som ikkje har høve til å røyste ved ordinær førehandsrøysting ). Frå 10. august startar ordinær førehandsrøysting. Du kan førehandsrøysta i rådhuset. Opningstid vil bli kunngjort i avisa og på kommunen si heimeside. I utlandet kan du førehandsrøysta frå 1. juli. Husk å røyste så tidleg at røysta når fram til heimkommunen din innan kl. 20.00 på valdagen 12. september.
 
Kvar kan eg røyste på valdagen?
På valdagen må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2011. På valkortet ditt vil det stå adresse og opningstid for vallokalet i den valkrinsen du tilhøyrer. Adresse for vallokala i Lærdal kommune og opningstidene for desse vil bli utlagt på heimesida til kommunen og annonsert i Sogn Avis.
 
Må eg røyste i den valkrinsen eg er manntalsført på valdagen?
Har du røysterett i Lærdal kommune, kan du røyste i ein annan krins enn den du er manntalsført i. Døme: Er du manntalsført i Berge krins, kan du likevel røyste i Lærdalsøyri krins. Dette kallast framandrøysting.
 
Korleis røystar eg på valdagen?
•Finn røystesetelen du vil bruke; kvit for kommunestyrevalet, blå for fylkestingsvalet. •Gjer eventuelle endringar på røystesetelen •Brett røystesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Det skal ikkje brukast konvolutt eller annan omslag rundt røystesetelen. •Ein valfunksjonær stemplar utsida av røystesetelen. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjent. •Legg dei stempla røystesetlane i urna.
 
 

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS