Velkomen til Lærdal - den grøne kommunen!

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10

 

I Lærdal er me vande med å ta i mot reisande, og me reknar oss for å vera godt vertskap. Den viktigaste og mest nytta ferdslevegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepoker om. Vegen som Harald Hårfagre nytta då han drog frå Valdres til Voss, som Olav den Heilage drog på gjennom dalføret på kristningsferda si år 1023 og som kong Sverre førte birkebeinarane sine på i 1177. Frå den gong til i dag har vegen gått frå kløvsti til Europaveg. Med Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel (24,5 km) som opna i år 2000, vart kommunen på ny knutepunkt i samferdsla. Dei mange historiske vegane er i dag gode turvegar i spennande kulturlandskap.

Om lag halvparten av dei ca 2200 innbyggjarane våre bur i kommunesenteret Lærdalsøyri. Her var det frå gamalt av ein strandstad, og heilt frå vikingtida, og fram til i dag eit viktig knutepunkt. Det aller meste av den dyrka jorda ligg i dag på flatene langs elva oppover dalen.Her er og det meste av busetjinga konsentrert. I mellomalderen voks Lærdal seg naturleg fram som marknadsplass.

På den gamle marknadsplassen på Lærdalsøyri møttest aust og vest. Frå Valdres og Hallingdal og frå dei yttarste fjordstroka kom folk for å bytte og handle varer. Det var etter det ein kan lese eit yrande liv med folk og dyr og varer. Kjøpeskålane vart mange og historia fortel både om kjærleik og slåssing. Den gamle Lærdalsmarknaden vart nedlagt i 1870-åra, men teken opp att i 1982 og vert no arrangert kvart år, i juni. I tillegg vert det i september/oktober arrangert haustmarknad, med vekt på sal av lokale produkt, frukt og grønsaker. Frå 2014 vert det skipa til julemarked i november. Alle marknadane held til på gamle Lærdalsøyri med den verna bebyggelsen som kulissar.

Landbruket har vore den viktigaste næringsvegen i kommunen. Me har spesielt gode vekstforhold. Poteter og grønsaker kjem tidleg i jorda. Bringebær og morelltrea vinn stadig nye areal. Bygdene i Indre Sogn har lite nedbør og har etter måten varme somrar. Kunstig vatning er i dag, og har vore, heilt naudsynt for god avling.

Elva har også vore viktig for utviklinga av Lærdal. ”Dronninga mellom lakseelvar” har vore internasjonalt kjend som ei av dei beste elvane i landet for sportsfiske etter laks og sjøaure. ”Dronninga” vart for nokre år sidan smitta av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Me er optimistar og vonar behandling kan fjerne den dødelege lakseparasitten og føre fisket attende til nye høgder. På breidda av elva ligg Norsk Villakssenter som gjev oss eit innsyn i livshistoria til den atlantiske laksen. Senteret kan i sesongen by på eit eineståande lakseobservatorium, laksetrapp og stryk med levande fisk.

Eit aktivt og levande kulturliv er viktig for at ein stad skal vera god å bu på. Lærdal kommune satsar på næring tufta på kultur. Mellom anna vert det lagt ned mykje ressursar i å få meir liv i Øyragata og få opp aktiviteten i det gamle trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Innan kunstformidling er me med i det konsoliderte Sogn og Fjordane kunstmuseum. Kommunen sitt kulturhus og villakssenter, rommar og ein kunstutstillingsdel.

Me har eit rikt lagsliv. Unge og eldre er aktive innan musikk, song og idrett. Me har ein stor kommunal kulturskule, ungdomsklubb, kino osb.

Lærdal har som kraftutbyggingskommune kunna tilbydd innbyggjarar og etablerarar gunstige vilkår. Tre kraftstasjonar produserar store menger e-kraft frå delar av Lærdalselva sitt nedslagsfelt.

Viktige arbeidsplassar er også kommunal forvaltning, Lærdal sjukehus, bygg og trevare, handel osb. Kommunen vår er eit attraktivt reisemål for turistar. Dei tilreisande kan koma over høge fjell, gjennom lange tunnelar eller med ferja frå Nærøyfjorden. Felles for dei alle er at i Lærdal møter dei ei rekkje kulturhistoriske attraksjonar og opplevingar. Den fyrste bilturisten køyrde gjennom dalen alt i 1901, for mellom anna å sjå Borgund Stavkyrkje, sidan har turistar vore ei aukande og viktig næring.

Velkomne til Lærdal!

Tips en venn Skriv ut