Områderegulering for Håbakken - delområde 1 - utlegging til nytt offentleg ettersyn

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir områderegulering for Håbakken – delområde I, lagd ut til ny høyring og nytt offentleg ettersyn etter første gongs behandling i formannskapet 22.06.2017 sak 099/17.

Håbakken er peika ut som eit hovudutviklingsareal for arealkrevjande næringsverksemder med god tilgjenge til sambanda både aust-vest og nord-sør. Området skal vera med på å vidareutvikle Lærdal som samferdsleknutepunkt, forsterke Håbakken som næringslokalitet, leggje til rette for nye arbeidsplassar og vera eit supplement til næringslivet på Lærdalsøyri.

Planarbeidet har avdekt utfordringar knytt til tilkomst, landbruk, naturmangfald, fiske(næring/friluftsliv), landskap og naturbasert sårbarheit. Det er difor gjort endringar av arealbruk, og innarbeidd ei rekke avbøtande tiltak, spesielt knytt til støy, naturmangfald, bumiljø, fiske, pelsdyrgard og landskap.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Lærdal kommune, Pb 83, 6886 Lærdal, eller Post.Lerdal@laerdal.kommune.no, innan 21.08.2017.

Plandokument:

Planomtale, planføresegner, plankart, ros-analyse.

Sakspapir - utlegging til nytt offentleg ettersyn

Deltemautgreiingar:

Håbakken - støy

Flaum og vannlinjeberegning

Revidert flaum- og vasslinjeberekning - notat

Landskap - rapport

Naturmiljø

Trafikkanalyse

Tips en venn Skriv ut