Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Med utgangspunkt i kommunestyrevedtak KS 067/10:
”Kommunestyret vedtek å setje i gang eit prosjekt med oppdrag å ta ein gjennomgang av driftsnivået på tenesteproduksjonen i kommunen. Formålet med eit slikt arbeid er å få ei betre tilpassing mellom kommunen sin utgifter og dei framtidige inntektene til kommunen.”
sette administrasjonen i gang eit arbeid med å tilpasse organisasjonen til reduserte økonomiske rammer. Prosjektet fekk som overordna mål
Oppgåva til administrasjonen var å:
• få fram tiltak som kan auke inntektene eller redusere utgiftene.
• Vurdere kva investeringar som kan gjerast for å kunne redusere utgiftsnivået og effektivisere drifta.
• Alle tiltak skal listast opp, talfestast i kroner og ha ei konsekvensvurdering
Arbeidet vart delt i to fasar – fase 1 der me gjekk inn i kvar einskild teneste og fase 2 der me såg på tiltak på tvers av tenestene. I fase to vert arbeid innafor helse og omsorg skyvd til hausten 2011 – vinteren 2012, medan det er gjort eit arbeid på oppvekst.
Samla er det komme fram tiltak som summerer seg opp til vel 13 mill kroner. Det er eit mål å finne ytterlegare 3,5 millionar kroner i innsparingar ut over dette. Ei oppsummering av tilrådingar går fram av presentasjonen. Det er også laga eit eige notat som viser tilrådingar knytt til oppvekst.
Med helsing
Alf Olsen jr.
Rådmann
tlf 57 64 12 10
Mob 97 53 92 92
Publisert: torsdag 12. mai 2011, 13:18
Oppdatert: fredag 27. mai 2011, 12:25
