Open dag om arkeologi i Lærdal

Arkeologistudentar i arbeid

Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap i samarbeid med Lærdal historielag ynskjer velkomen til "Open Dag" på Ljøsne skule.

I tre veker har mastergrads-studentar i arkeologi hatt feltkurs i Lærdal. Dei har drive feltgraving ved Grøtte/Fosseteigen, og gjort ei rekkje registreringar i kommunen, mellom anna i området Vindhella-Borgund stavkyrkje.

Under "Open dag" vil studentane og lærarane informere bygdefolket og andre interesserte i kva dei har funne. Sæbjørg Walaker Nordeide og Ramona Harrison som leiar kurset, melder at dei har gjort funn og mange interessante registreringar.

Det vert høve til å spørje og diskutera med studentane og lærarane på onsdag.

Dato: Onsdag 13. september
Tid: 19.00
Stad: Ljøsne skule, gymsalen

Fri entre.
Velkommen!

 

 

Tips en venn Skriv ut