Opningstida ved NAV Lærdal

Logo NAV

NAV Lærdal nyttar timeavtalar – opningstida utan timeavtale er tysdagar kl. 10 – 14

Tenester frå NAV Lærdal blir levert frå fleire kjelder. Tenester som gjeld ytingar, som barnetrygd, foreldrepeng, pensjon, sjukepengar m.m. blir ikkje levert frå lokalkontoret. Det er ulike spesialiserte forvaltningstenester som handsamar søknader. Søknader blir levert elektronisk på Internett 24 timar i døgeret. NAV lokalt har som hovudregel nytta timeavtalar som samtaletilbod i fleire år.

Lokalkontoret yter tenester som oppfølging av arbeidssøkande, oppfølging til arbeid av personar med helseutfordring, økonomisk rettleiing og forvaltning av økonomisk sosialhjelp. NAV føl opp, og samarbeider mykje med bedriftene i kommunen. Det er aukande kontakt ved rekrutteringsbehov og når tilsette har helseutfordringar. NAV Lærdal har tiltaksbudsjett, kunnskap, samhandling og samtalar som verktøy.

Lokalt, har NAV mykje av arbeidet ute av kontoret. Før å gi dei tenestene som blir etterspurt har vi redusert den faste opningstida, utan førehandsavtale til ein dag i veka, fire timar.
Våre kundar får tilbod om timar på ulike vekedagar og tidspunkt uavhengig av dette. Viss du skal levere dokument til NAV på kommunal tenesteområde, vil tenestetorget ta i mot post til NAV Lærdal i opningstida kvar dag.

• Spesialisert informasjon blir gitt av NAV sine kontaktsenter på 55 55 33 33
• Informasjon om pensjon blir gitt på 55 55 33 34
• Informasjon til bedrifter, lege og behandlar blir gitt på 55 55 33 36
• Rettleiar møter kundar hjå bedriftene, på legekontoret, hjå samarbeidspartar, ute m.m.
• Innlogga på www.nav.no når du oss lokalt via brukardialog (nettprat)
• Søknadsskjema om sosialhjelp ligg på www.laerdal.kommune.no
• Dokumentasjon kan leverast på tenestetorget i Lærdal kommune
• På opningsdagen er det til stades rettleiar som har sett av tid til besøk
• Ved førehandsavtalt samtalar har rettleiar høve til å førebu seg til samtalen
• Kunnskap om ytingar og søknadsskjema ligg på www.nav.no
• Elektroniske søknad gir raskast svar

Vi håpar på forståing for at redusert opningstid utan timeavtale for nokon kan opplevast som ei ulempe. Vi har vurdert føremoner for brukarane som større enn ulempa, noko vi har freista å formidla her.

Formannskapet har handsama orienteringssak om endringa 6. juni 2019.

Lærdal, 11. juni 2019

Tips en venn Skriv ut