Oppmålingsforretning

Oppmålerforretning

Omtale

- klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytta til fast eigedom (matrikkeleining)

- skaffe fram alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle - registeret i landet  over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld    at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen.

- merkje nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova

- overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring)

 

Vilkår
Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast
- dersom du skal dele ei matrikkeleining
- feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
- registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
- overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna
- Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast.


 
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Rekvisisjon om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna:
-kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering, arealoverføring osb.)
-grenser og naboeigedommar vist på kart

 
Søknadsskjema:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter Matrikkellova
Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter Plan- og bygningslova

 
Handsamingstid
Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.
 
Høve til å klage
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

 

Tips en venn Skriv ut