Opprett di digitale postkasse

Hjelp oss å ta framtidsretta steg og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda

 

  • 1

Lærdal kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!   


 Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:

• Det er tryggare enn all anna postgang.
• Det er gratis å bruka.
• Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
• Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
• Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.

Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å komme i gang.

 

Knapp_318x113.jpg

 

Tips en venn Skriv ut