Oppstart av Arealdelen i kommuneplanen

Kommunestyret gjorde i møte 02.05.18 vedtak om å starte planprosess for ny arealdel i kommuneplanen, og la i tillegg ut planprogrammet for planprosessen ut til offentleg ettersyn og høyring.  Varsel om planoppstart/framlegg til planprogram til arealdelen vert liggjande til offentleg ettersyn i perioden 18.05.18 – 29.06.18 og fristen for innspel er sett til 29.06.18. Merknadar til framlegg til Planprogram og innspel til planarbeidet skal sendast til Lærdal kommune v/Planavdelinga, pb. 83, 6886 Lærdal eller til post@laerdal.kommune.no.

Det vert folkemøte i Kulturhuset onsdag 30.05.2018 kl. 19.00 om Kommuneplanarbeidet, og påfølgjande open kontordag for kommuneplanarbeidet torsdag 31.05.2018 kl. 09 – 14.00 på Plankontoret i 3. etasjen på rådhuset.  Vel møtt!

Framlegg til Planprogram for Arealdelen til Lærdal kommune kan lesast her (trykk på linken).

 

 

 

Tips en venn Skriv ut