Digihjelp er eit tilbod for deg som ynskjer å bli tryggare på data. Her kan du få hjelp til å utføre ulike behov du har på pc, nettbrett eller smarttelefon. Du kan komme innom biblioteket for å få hjelp til å løyse enkle behov, eller du kan delta på kurs i regi av Seniornett for å lære deg korleis du betre kan bruke nettbrettet eller smarttelefonen din. Det krevst ingen forkunnskapar for å kunne delta på dette.

Ein onsdag i månaden vert det Digihjelpkveld saman med Møteplassen kafé kl. 17.30-19.00. Kveldane er opne for alle og det vert ulike tema på kveldane.

Tema hausten 2021:
Onsdag 22. september: Introduksjon til Helsenorge.no, og korleis du lastar ned koronasertifikatet ditt.
Onsdag 20. oktober: Bli trygg på nettbank og Vipps
Onsdag 17. november: Biblioteket sine digitale tenester – lær å låne e-bøker og bestille bøker sjølv frå andre bibliotek.


Me treng fleire frivillige til Digihjelp-kveldane. Dersom du er interessert kan du kontakte biblioteket for meir informasjon.

 

Seniornett


Seniornett Lærdal har ope hus på biblioteket kvar måndag frå kl. 12-14 for deg som ynskjer å bli tryggare på PC, mobil eller nettbrett.

I september vert det nybyrjarkurs for deg som vil bli kjent med nettbrett og smarttelefon.


Seniornett har som føremål å fremja eldre sin deltaking i informasjonssamfunnet. Me ynskjer å bidra til at alle kan meistre data og IKT slik at dei kan klare seg betre i dagens sjølvbetjente teknologisamfunn. Seniornett er ein uavhengig og ideell organisasjon. Du kan melde deg inn i laget og få tilgang til meir opplæring og kursmateriell.