Lærdal husflidslag og Lærdal folkebibliotek startar opp fikselaug på biblioteket måndag 27. september kl. 17.00-19.00.

Fikselaug er eit tilbod for deg som ynskjer å lære korleis du kan reparere klea dine, slik at dei varar lenger. Tilbodet er ein del av husflidslaget si satsing Holdbart.

Siste måndag i månaden vert det mogelegheit å komme for å få hjelp og rettleiing til korleis du kan bruke symaskin, reparere holete kle, skifte glidelås og mykje meir. Husflidslaget stiller med flinke instruktørar og utstyr du kan låne. 

 

Tema hausten 2021:

Måndag 27. september kl. 17.00: Lær å reparere klea dine. Korleis bøte hol.

Måndag 25. oktober kl. 17.00: Lær å reparere klea dine. Korleis byte glidelås.

Måndag 29. november kl. 17.00: Redesign. Få inspirasjon til korleis du kan lage julegåvene sjølv.