Oppstart av planarbeid for ny skytebane i Råsdalen

Tønjum Skyttarlag og Det frivillige Skyttarvesen har starta reguleringsplanarbeid for ny skytebane i Lødalen/Råsdalen på Ljøsne.  Dei har engasjert Rieber Prosjekt AS for å utarbeide framlegg til detaljreguleringsplan.  Oppstart av planarbeid vert no varsla, og med varselet ligg framlegg til Planprogram.  Framlegg til Planprogram skal leggja grunnlaget for den vidare prosessen, framdrift, utgreiingar, medverknad osv. Planprogrammet er no lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.  Innspel til planarbeidet og/eller framlegg til Planprogram vert å senda til post@rpr.no innan 10.08.2018.

Framlegg til Planprogram kan lesast her (trykk på linken).

                                                                                                                             

 

Tips en venn Skriv ut