Einingsleiarane har sjølvstendig ansvar for fag, personal og budsjett for sitt område, og rapporterer direkte til rådmann. I tilknyting til rådmann er det oppretta stab/støttefunksjonar for personal, økonomi, IKT, internkontroll, arkiv, tenestetorg og sekretariat for folkevalde. Stab og støttefunksjonane er leia av personal- og organisasjonsleiar.