På ferietur til Gol

Pers Hotell

I mai fekk flyktningtenesta i Aurland og Lærdal ein gledeleg beskjed frå BUFDIR om at ein fekk tilsagn om midlar til prosjektet «Ferie for alle». Dette var eit prosjekt ein òg fekk midlar til i fjor, der ein gjennomførte tre turar for familiar med flyktningbakgrunn busett i Aurland og Lærdal av IMDI. Målsetjinga av prosjektet er å skapa gode ferieopplevingar for målgruppa, og dette trur me at me klarte i år òg. 
Alle busette familiar i dei to kommunane fekk tilbod om å vera med til Pers hotell og Tropicana på Gol, og i år vart me i alt 76 personar på tur. På Gol koste me oss med bading til den store gullmedalje, handling og kjekke middagar i lag. Borna fekk høve til å få seg nye venner og dei vaksne kunne ta livet med ro og  slå av ein prat over ein kaffikopp. Det vart ei flott avslutning for skuleåret for både store og små, og ein fin start på sommarferien for familiane og for flyktningtenesta. 

Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal ynskjer å retta ein stor takk til samarbeidspartnarar og ikkje minst Aurland kommune som la til rette slik at ein fekk søkje på desse midlane. 

Flyktningtenesta vart oppfordra av ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim til å ta eit felles bilete av den flotte turgjengen på Gol før avreise tilbake til Lærdal og Aurland. (4 familiar manglar på dette bilete). 

 

Tips en venn Skriv ut