Pedagogisk psykologisk teneste - PPT

Føremål med tenesta

Pedagogisk - psykologisk teneste er sakkunnig instans for tildeling av ekstraressursar etter opplæringslova. Tenesta skal hjelpe skular/barnehagar i arbeidet med å legge opplæringa betre til rette for elevar/born med særlege behov.
Lærdal kommune kjøper tenester hjå PPT- Indre Sogn, som har kontor i Årdal.

Kven får tenesta

Elevar, lærekandidatar og barnehageborn som treng spesialpedagogisk hjelp, eller vaksne som har særlege opplæringsbehov.

Korleis få tenesta

Tenesta må vere heimla i opplæringslova §§ 5-1, 5-2, 5-7 og 4-A
Ta kontakt med barnehage, grunnskule eller PPT direkte for rettleiing og søknadsskjema.

Kva omfattar tenesta

Rådgjeving
Utgreiing av ulike vanskar
Sakkunnig vurdering

Heimelsgrunnlag

Opplæringslova

Klage

Barnehage eller skule gjer enkeltvedtak, etter sakkunnig uttale frå PPT eller tilvising frå lege.
Klageinstans:Føresette kan klage på einskildvedtak skulen/barnehagen/kommunen har gjort med heimel i opplæringslova med forskrifter. Klagen skal sendast skriftleg til aktuell rektor/styrar/tenesteleiar.

Kontaktinformasjon

PPT- Indre Sogn
Postboks 40
6881 Årdalstangen

Tlf: 57 66 53 20

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Eining

Web levert av CustomPublish AS