Lærdal Arbeiderparti (AP) og Lærdal Sosialistisk Venstreparti (SV) har inngått avtale om ein felles politisk plattform for kommunestyreperioden 2019 til 2023. Dei to partia er samde om den politiske arbeidsfordelinga med ordførar frå AP og varaordførar frå SV. I tillegg er formannskapsplassane fordelt med to til AP og ein til SV. Sjå også valteknisk samarbeidsavtale mellom AP, SV og Lærdal Høgre, datert 29. september 2019.

 

Eitt lag

Dei to partia er samde om å jobba under slagordet Eitt lag. Partia vil jobba for at Lærdal kommune skal fungera som eitt lag. Ein føresetnad for dette meiner partia er opne og ryddige prosessar, og eit sterkare fellesskap på og mellom alle nivå. Innbyggarar, frivillige, politikarar, administrasjon og tilsette må arbeida saman om gode løysingar for ei god og positiv utvikling i Lærdal.

 

Styre og stell

For å sikra eit breiare folkestyre og meir politisk deltaking, ønskjer partia å innføra kommunale utval. Kor mange og kva organisasjonsform ein skal ha, må greiast ut. Partia er også samde om å jobbar for å utvida og styrka det interkommunale samarbeidet i ÅLA.

Vidare er partia samde om at ein må minska avstanden mellom innbyggarar og politikarar. Mellom anna ønskjer ein at «kaffi med den politiske leiinga» kjem tilbake, slik at innbyggarane har ein plass dei kan møta ordførar og varaordførar. Partia ønskjer også eit aktivt ungdomsråd med møterett i kommunestyremøter og web-streaming av kommunestyre- og formannskapsmøta.

 

Økonomistyring

Partia er samde om at lånegjelda til Lærdal kommune må reduserast. Vidare er partia samde om at det må setjast krav til avkasting i dei selskapa kommunen har økonomiske interesser i.

 

Næring

Dei to partia er samde om at ein skal sjå nærare på organiseringa og effektane av Lærdal næringsutvikling no som Lærdal ikkje lenger er omstillingskommune. Dei næringsdrivande sitt syn skal vera sentralt i prosessen. Vidare er dei to partia samde om å legga til rette for fortgang i utbygginga i Håbakken, mellom anna slik at Lærdal Grønt og andre næringsdrivande som har avtalar om etablering, kjem på plass.

 

Born og unge

Dei to partia er samde om at barnehage- og skulestrukturen i kommunen skal vera slik den er også den komande perioden. Partia er også samde om at politikarane må gjera det dei kan for å legga til rette for at elevane får eit sterkt fellesskap og god trivsel i barnehagen og på skulen.

 

Kultur

Partia er samde om at det frivillige arbeidet i Lærdal er viktig for bygda og at den årlege potten til kulturmidlar må aukast. Vidare er partia samde om at me må ha ei drift av kulturhuset som sikrar liv i huset heile året, og at det er økonomisk mogeleg for lag og organisasjonar å nytta lokala.

 

Klima og miljø

Partia er samde om at Lærdal kommune må ta omsyn til klima- og miljøutfordringane mellom anna ved å ajourføra energi- og klimaplanen, sørgja for elveførebygging for Lærdalsøyri og elektrifisera bilparken til kommunen.

 

Turisme

Partia er samde om å sjå på plassering og drift av turistinformasjonen. Vidare stiller partia seg positive til ei utgreiing av innføring av turistskatt, for å betra tilhøva for dei besøkande.

 

Pleie og omsorg

Rett og nok fagkompetanse må sikrast. Dette er utslagsgivande for at dei tilsette i pleie og omsorgstenestene kan fortsetta den viktige jobben dei gjer.

 

Busetjing

Partia er samde om at fortetting på Lærdalsøyri må gjerast med omtanke. Partia er også samde om at det må leggast til rette for attraktive bustadtomter i heile kommunen.

 

Arbeidstakarar i Lærdal kommune

Partia har registrert ei uro på fleire av dei større arbeidsplassane i kommunen. Partia er samde om å prioritera å ta tak i dette. Dei tilsette skal vera stolte av å jobba i Lærdal kommune og me må derfor snakka godt om kvarandre. Leiinga må gå føre i dette arbeidet. Vidare er partia samde om at kommunen skal ha flest mogeleg heile stillingar og nytta eit minimum av vikarbyrå.

 

Internasjonal kommune

Partia er samde om å halda fram det gode arbeidet med å ta i mot innflyttarar, både norske og utanlandske, på ein god måte. Lærdal kommune skal legga til grunn internasjonalt samarbeid og solidaritet i sitt vidare arbeide.

 

For Lærdal Arbeiderparti

For Lærdal Sosialistisk Venstreparti

Audun Mo

Annike Vanberg

Janne Marie Reppen

Jan Olav Fretland

Kristen Olav Grøttebø

Sæmund Stokstad

 

Lærdal – 17. oktober 2019