Det er siste dagane utført mange hurtigtestar.
Tal uvaksinerte og smittesituasjonen i regionen gjer at vi no må vera særskild varsame.
Smittesituasjonen i Lærdal er oversiktleg, men grunna situasjonen i heile indre Sogn går vi no ut med ei ekstra oppmoding om at ein føl gjeldane smittervernreglar:

  • Avstand: Der ein ikkje kan halde ein meters avstand vært det tilrådd bruk av munnbind (  til dømes i butikkar/restaurantar etc). 
  • Handhygiene: Vask hender ofte  og  bruk spritdispensarane der dei er oppsett
  • Hold talet på nærkontaktar så lågt som mogeleg

Vi ber om at de begrensar sosiale samankomstar i ei tid framover.

Vi oppfordrar alle om at de lastar ned smittesporingsappen