Pressemelding - statsbudsjettet 2019 - Etablering av Nasjonalt villakssenter

Villaks

Pressemelding om etablering av Nasjonalt villakssenter basert på fire einingar: Lærdal, Tana, Namsos og Lyngdal.

I statsbudsjettet for 2019 kjem stadfestinga på at Nasjonalt villakssenter vert etablert. Joddu i Tana , Kunskapssenter for laks og vannmiljø i Namsos (KLV), Norsk Villakssenter i Lærdal og Kvåsfoss - Sørnorsk Laksesenter i Lyngdal vert del av det nye landsdekkande senteret.

Villaksen er ein miljøindikator, verdiskapar og kulturbærar i alle kommunar med atlantisk laks. Norge har over 400 laksevassdrag, og alle deler av landet har sterke kulturelle og næringsmessige tradisjonar knytt til villaksen. Dette gjev Norge òg eit særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på villaksen.

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2019 sett av 7,4 mill. kr til drift av Nasjonalt villakssenter med einingar i Tana, Namsos, Lærdal og Lyngdal. Vertskommunane stiller lokale til disposisjon i samspel med etablerte einingar og initiativ i kommunane. Med denne spreiinga frå nord til sør er dei viktigaste villaksregionane i landet dekka.

Innsatsen bak etableringa er koordinert frå KLV. Styreleiar i KLV, Alf Olsen jr., oppfattar løyvinga som eit gjennombrot etter fleire år med systematisk arbeid.

  • Endeleg får villaksen den same type nasjonale senter som med suksess er etablert for villreinen. Etableringa betyr eit nytt og kraftfullt løft for villaksen, og han er både glad og stolt på villaksen sine vegner. Senteret skal formidle kunnskap der folk og villaks møtest, held han fram.
  • Allereie 22. oktober møter me Miljødirektoratet for å planleggje sjølve etableringa av senteret, legg dagleg leiar i KLV Frode Staldvik til.

I det politiske miljøet har særleg Venstre vore en viktig støttespelar. Det er gledeleg at regjeringa no føl opp.

2019 er det fyrste internasjonale villaksåret. Alf Olsen jr. seier at det er eit mål å etablere organisasjonen snøggast råd og opne senteret i løpet av villaksåret.

 

Namsos, 8. oktober 2018

Alf Olsen jr styreleiar KLV, Frode Staldvik daglig leiar KLV

Kontaktinformasjon:

Tana: Anne Smeland, tel. 464 00 264

Namsos: Frode Staldvik, tel. 414 95 000

Lærdal: Alf Olsen jr., tel. 975 39 292

Lyngdal: Trond Rafoss, tel 900 26 519

Tips en venn Skriv ut