Prosjektleiar i ÅLA tilsett

Prosjektleiar

Gunn Lerøy er engasjert som prosjektleiar i ÅLA i 100% stilling i eitt år med oppstart 22. juni 2018.

Årdal, Lærdal og Aurland har inngått intensjonsavtale om utvida interkommunalt samarbeid. Målsetjinga er å styrkja rekrutteringa, skapa gode og attraktive fagmiljø, meir effektiv drift og evne til å løysa nye oppgåver. Eit funksjonelt samarbeid mellom kommunane vil stimulera til positiv utvikling, både som attraktiv stad å bu og for å utvikla nye og framtidsretta arbeidsplassar.
 
Arbeidet vert leia av styringsgruppe, vald av kommunestyra i dei tre kommunane. Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal er vald som leiar av styringsgruppa. Gunn skal ha kontorstad i Årdal.

Tips en venn Skriv ut