Redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid i barnehage

 

Reduksjon i foreldrebetaling

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 % av samla inntekt for ein barnehageplass. For barnehageåret 2018/2019 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt lågare enn kr. 541 500 per år.

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Stortinget har vedteke gratis kjernetid i 20 timar per veke for 3-, 4-, og 5-åringar i husstandar med samla inntekt under kr 533 500,- per år. Det same gjeld for barn med utsett barnehagestart.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/ barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut i frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

For barnehageåret 2018/2019 må sjølvmeldinga for 2017 for husstanden leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar som er skattepliktig, person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

Me gjere merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste sjølvmelding.

Retten til moderasjon gjeld frå og med fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet.

Søknadsskjema

 

Send søknad med dokumentasjon til:

Lærdal kommune

Postboks 83

6886 Lærdal

 

 

 

Tips en venn Skriv ut