Redusert foreldrebetaling

Alle 2 - 5 åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husstandar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2020 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 kroner per år.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/ barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut i frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

For barnehageåret 2020/2021 må sjølvmeldinga for 2019 for husstanden leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar som er skattepliktig, person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

Me gjere merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste sjølvmelding.

Retten til moderasjon gjeld frå og med fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet.