Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Aurland og Lærdal kommuner takkar for godt oppmøte på folkemøtet 12.01.2012. Det var om lag 50 personar til stade, noko som syner at planarbeidet har eit tema som engasjerar!
På møtet vart det nemnt nokon fristar og møtedatoar som er viktige for vidare framdrift. Oppstart av planarbeidet har vore kunngjort, og det er no høve å kome med innspel til oppstart av planarbeidet.
Felles frist for å kome med innspel til oppstart av planarbeidet er sett til 27. januar 2012 for både Aurland og Lærdal. Det er viktig at dei som har interesser innanfor området, kjem med innspel tidleg i prosessen. Døme på slike innspel kan vera området som er definert som villreinområde, evt aktivitetar som skjer innanfor planområdet (t.d snøscooter-, motorcrossbaner, skiaktivitetar og liknande), eller andre tema/problemstillingar(hyttebygging, vegbygging, kraftinteresser, friluftsinteresser) som bør utgreiast.
Det er elles høve til å kome med merknadar når eit planframlegg er utarbeidd og er lagt ut til offentleg ettersyn.
Publisert: fredag 20. januar 2012, 09:33
Oppdatert: fredag 20. januar 2012, 09:36
Skrevet av: Monika Lysne
