Reguleringsendring Rv5/E16 Håbakken, endring av avkøyrsler og lokalvegnett

Kommunestyret gjorde i møte 13.12.18 vedtak om oppstart av Reguleringsendring for Rv5/E16, Håbakken – avkøyrsler og lokalvegnett.  Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for nye avkøyrsler og vurdere stenging av nokre eksisterande avkøyrsler og endring i lokalvegnettet.  Det vert med dette varsla planoppstart, og innspel til planarbeidet vert å senda til Lærdal kommune v/Planavdelinga, pb. 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no.  Frist for innspel er sett til 18.01.19.

Det vert ope informasjonsmøte/grunneigarmøte tysdag 08.01.19 kl. 13.00 i kommunestyresalen på rådhuset.

Planområdet er i fyrste omgang slik, men dette vert truleg mindre utover i planarbeidet: 

Saksframlegg til saka i kommunestyret kan lesast her (trykk på linken)

Tips en venn Skriv ut