Retting av matrikkelen

Retting

Omtale
Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom feilen stammar frå andre register, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretning (eller tilsvarande), kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Vilkår
Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga òg gjeld nabo, rettshavar eller andre partar, må du leggje ved dokumentasjon for at dei samtykker i kravet om retting.
 
Kostnad
Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting.
Tips en venn Skriv ut