Søknadsplikt for gjerde, levegg, støyskjerm og viltgjerde?

24. januar 2019


Det viktigaste å hugse på når du skal setje opp gjerde, er at det er di plikt å setje deg inn i reglane som gjeld, og at du har henta inn naudsynte løyver FØR du går i gang. 

Dersom gjerde vert sett opp i nabogrensa, så ta den gode dialogen med naboen FØR du går i gang med arbeidet.  Ei rekkje lovar regulerer spørsmål kring gjerde, og det kan og vera eigne juridiske føresegner i reguleringsplanen for ditt bustadfelt/hyttefelt som du må setje deg inn i.  Det vert her gjeve ein kortfatta oversikt, men ta kontakt med kommunen om du er usikker på kva regler som gjeld for di tomt.