Stortingsval:
- ein må vera norsk statsborgar
- ein må fylle 18 år innan utgangen av valåret
- ein må ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53
- ein må vera, eller ein gong har vore, folkeregisterført som busett i Noreg
- ( gjeld ikkje diplomatiet eller deira familiar)
- ein må vera manntalsført i ein kommune
Kommune- og fylkestingsval:
- alle som har røysterett ved stortingsval og i tillegg ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
- er statsborgarar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret
Når det gjeld butid for utanlandske statsborgarar, er det eit krav at denne tida er registrert samanhengande dei tre siste åra.