Rundballar og hjort i Lærdal - trafikk, dyrehelse og smittefare

Hjortebukk

Landbrukskontoret har i fleire år jobba med å tilretteleggja for at rundballane i Lærdal vært gjerda inn. Dette som førebyggjande tiltak mot påkøyring av hjort, og som tiltak for å spara foret. Det ligg framleis mykje rundball i Lærdal som ikkje er gjerda inn. Seinast i vinter vart det organisert felles innkjøp av gjerder. Når hjorten tek i bruk rundballar til fór, skjer mellom anna følgjande:

•    Hjorten får i seg plasttrådar og plastnett, noko som kan gje alvorlege konsekvensar for dyrevelferda. Me finn att rundballeplast i fordøyingssystemet hjå sjølvdaud hjort!
•    Rundballar som ligg ugunstig til i høve vegnettet, bidreg til påkøyring av hjort. Dette er ein stor fare både for hjorten og for bilistane. Lærdal kommune har flest påkøyrsler av hjort i Noreg. Rundballar er ein av grunnane til dette.
•    Rundballar samlar hjorten i store flokkar og aukar såleis smittepresset på dyra. Dette gjeld tradisjonelle sjukdommar og parasittar, men er også særs betenkeleg med den situasjonen me har med skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Foring og salting av vilt er ikkje lov.

Lærdal Grønt har no teke inn byggegjerde og har dette i sitt standard sortement. Elles har andre i dalen gode erfaringar med straum mot hjorten, eller permanent etablerte innhegningar for rundball. Det kommunale viltfondet dekker etter enkel søknad 20% av kostnadane til innkjøp av gjerde, ta kontakt med sakshandsamer for info.

Konklusjon: 
Rundballar som vert etne på av hjort, skal gjerdast inn for å hindra dette innan 31. mars. I byrjinga av april vil landbrukskontoret ha ei synfaring saman med Politi, Mattilsyn og Vegvesen for å vurdera om slik lagring av rundballar er i strid med lovverket.   

Fleire har gitt melding om at dei opplever stort trykk på gjerdingar til frukthagar grunna mykje hjort. Truleg opplever hjorten mindre mattilgang også grunna mindre tilgjengeleg rundball i dalen. Me jobbar for å fylgja opp effektivt med skadefellingsløyve hjå dei med store problem. 

Tips en venn Skriv ut