Bilde

Ryddeaksjonen 2019 - me er i gang!

04. april 2019

Svært mange lærdøler er no godt i gang med vårrydding av sine eigedomar, og Ryddeaksjonen 2019 har fått enormt god respons frå spesielt gardbrukarar i Lærdal. 

Det er veldig kjekt om nokon legg ut litt bilder i sosiale mediar under ryddinga dykkar med emneknaggen #GrøneLærdal og/eller #heileLærdalryddar.  Det kan vere bilete av haugen med skrap, dugnadsgjengen din, ein hjelpsom nabo, noko interessant du fann under ryddinga di eller noko anna du tykkjer er artigt å dele.  Brukar du ein eller begge emneknaggane på bileta dine av Ryddeaksjonen 2019 og deler på Facebook og/eller Instagram innan 01. mai 2019, er du med i trekninga på gåvekort med verdi 1000 kr på FK-butikken i Lærdal! 

Søppel

Bør du rydde?

01. februar 2019

Lærdal kommune startar no opp ein større ryddeaksjon i heile Lærdal, som eit ledd i målsetjinga om å bli ei vakrare, ryddigare og reinare bygd.  Kommunen har kjennskap til fleire ulovlege tilhøve, som kan føre til ulovlegheitsoppfølging med gebyr og bøter, og i verste fall vert saka meld til politiet. Frå 1. mai 2019 kjem kommunen til å sette i verk ulovlegheitsoppfølging på slike saker.  Kommunen vil oppfordra alle til å rydde på eigen eigedom før 1. mai, og det vil bli lagt til rette med ulike tiltak i vekene framover.