Samarbeider om storstilt psykiatriprosjekt

Kommunane Lærdal, Gol, Aurland og Hemsedal opplever det som krevjande å gje eit godt nok tilbod til brukarar med rus- og psykiske lidingar. Dei ønskjer å styrkja tilbodet til denne brukargruppa. Gjennom eit forprosjekt har dei greidd ut eit felles bu- og omsorgstilbod i tett samspel med spesilalisthelsetenesta.  

– Dette handlar om å etablera eit bu- og omsorgstilbod til menneske med rus- og psykiske lidingar med behov for langvarige kommunale tenester, fortel rådgjevar utvikling i Lærdal kommune, Alf Olsen jr.
Interkommunalt samarbeid om eit bu- og omsorgstilbod er det mest føremålstenlege for å utvikla effektive, framtidsretta tenester av god kvalitet til psykisk sjuke med behov for langvarige kommunale tenester. Eit bu- og omsorgstilbod i interkommunal regi kan gje auka kvalitet gjennom heile behandlinga, redusert sjukefråvære, lågare kostnader og redusert bruk av tenester frå private leverandørar.
Det var konklusjonane i forstudien. No er forprosjektrapporten klar. Den skal gje deltakar-kommunane eit avgjerdsgrunnlag for å å ta stilling til om dei skal forplikta seg til å etablera eit interkommunalt selskap som set prosjektet ut i livet. Alle dei involverte kommunane opplever det som krevjande å gje eit godt nok tilbod til denne brukargruppa i dag.
– Fag, økonomi, eigedom og juss er hovudtema i forprosjektet, forklarar Olsen jr.
Vil få betre tenester ut av kvar krone
Konkret er det i denne omgang snakk om tilbodet til brukarar innan tverrfagleg rusbehandling, brukarar med schizofrenidiagnosar som kan klara seg med tilsyn og andre som treng oppfølging 24 timar i døgnet. Felles for desse er at dei er ei ressurskrevjande brukargruppe som kommunen og spesialisthelsetenesta har eit felles ansvar for å behandla og følgja opp, og difor må̊ ha eit tett samarbeid om, for å gi eit heilskapleg tilbod. Samspelet med spesialisthelsetenesta er såleis ein viktig del av prosjektet. 
Kommunane kjøper i dag private tenester til brukarar i den aktuelle brukargruppa. Det er ikkje uvanleg at slike kjøp kan kosta opp mot ni millionar kroner per år per brukar. Etablerte tilbod som fungerer tilfredsstillande kan kommunane vurdera å føre vidare, eventuelt flytta over til det interkommunale bu- og omsorgstilbodet på sikt, medan nye brukarar bør vurderast inn i tiltaket, går det fram av anbefalingane i forprosjektrapporten. 
Den peikar vidare på følgjande føremoner ved å byggja opp tenestene gjennom eit interkommunalt selskap:
– Levere god kvalitet på tenestene 
– Få betre tenester ut av kvar krone 
– Levere tenester rimelegare enn private aktørar 
– Syta for at kompetansen om brukar og faget er tilgjengeleg for kommunane 
– Gi kommunane full kontroll med tenestene som blir ytte 
 
Føreslår 18 plassar lokalisert til Lærdal
Neste fase er eit hovudprosjekt, det vil seia å realisera prosjektet. Hovudmomenta her vil vera å:
– Bygga eigna bustader for å ivareta behandling og butilbod med god kvalitet til brukarar med rus- og psykiske lidingar 
– Bygga opp kompetanse som sikrar god fagleg drift av bu- og omsorgstilbodet og som skal vera eit kompetansesenter for dei samarbeidande kommunane gjennom eit aktivt samspel med spesialisthelsetenesta 
– Etablera og regulera både samarbeidet mellom deltakarkommunane og spesialisthelsetenesta på ein eigna måte
Når deltakarkommunane no skal ta stilling til om dei blir med vidare inn i realiseringsfasen, er det lagt til grunn at tilbodet fysisk blir lokalisert i Lærdal. Konkret tyder det å byggja tre bustader som kvar har seks bueiningar. Det gir totalt 18 plassar. To av bueiningane skal ha heildøgns bemanning, den siste skal ha bemanning på dag og kveld, går det fram av forprosjektrapporten.
Dei 18 plassane blir fordelte på kommunane etter folketalsgrunnlag, noko som gir tre plassar kvar til brukarar frå Lærdal og Aurland, 4,5 plassar til brukarar frå Hemsedal og 7,5 plassar til brukarar frå Gol. 
– Me håpar dei naudsynte avklaringane blir gjort dei komande månadane så me kan koma over i hovudprosjektet før sommaren, avsluttar Olsen jr. 
 
For ytterlegare informasjon kan de kontakte:
Alf Olsen jr, rådgjevar utvikling Lærdal kommune mob. 97 53 92 92
Hilde Ulvik Hordnes, prosjektleiar,                          mob. 95 26 12 18
Astri Gytri, Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse (LPP) Sogn og Fjordane mob. 901 38 982
 
Lærdal 8 feb 2019
Tips en venn Skriv ut