I Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver står det at barnehagen skal:

•gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunst og kulturuttrykk frå fortid og samtid
•bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Den samiske kulturen med sine tradisjonar kan sporast tilbake til det førre årtusenskiftet, om lag 800 år e.Kr. På denne tida levde dei fredeleg side om side med det norrøne folket. Det første samiske landsmøtet fant stad i Trondheim i 6.februar 1917, og det er difor samane har dette som sin nasjonaldag (kjelde: www.samiskeveivisere.no).

Barnehagen har denne veka høyrt på joik, laga det samiske brødet «ghakko», sett film om korleis samane levde før og no, laga samefolk med samekofte og samisk sol, blitt kjent med dei samiske kleda og skoa som heiter «skaller», teikna flagget deira, og dei minste har blitt kjend med dei samiske fargane og laga forskjellige eksperiment og kunstverk.

Me har og blitt kjent med korleis samane levde før, då dei budde i lavvo.

Fredag 5. februar fekk me og besøk av ein ordentleg same som heitte Marie-Helene. Ho hadde på seg si flotte samekofte frå Kautokeino. Ho fortalte om at samar budde veldig mange plassar i Noreg, til og med i Årdal og Lærdal, då vart det nokre forundra blikk. Dei lurte på korleis ho kom seg til Lærdal, og vart litt skuffa då ho fortalte at ho køyrde bil. Samar nyttar vel reinsdyr vel?

Me fekk sjå korleis ho pynta skoa sine med skalleband, og ho hadde med seg eit samisk smykke med eit samisk teikn på. Før ho reiste lærte ho oss å seie mamma, pappa og eg elskar deg på samisk, før ho song ein joik for oss. Heldige var me som fekk eit så fint besøk.