Satsar og gebyr - byggesak

Gebyr etter plan- og bygningslova 

Regulativet erstattar tidlegare gjeldande regulativ og gjeld saker mottatt frå og med 01.01.2019

(Det er ikkje mva på byggesaksgebyr)
Nr Type Beløp 2018 Beløp 2019
2.1. Basisgebyr for    
2.1.1 Rammeløyve    
  Tiltaksklasse 1 7830,- 8065,-
  Tiltaksklasse 2 12570,- 12950,-
  Tiltaksklasse 3 15550,- 16020,-
2.1.2 Igangsettingsløyve    
  Tiltaksklasse 1 5950,- 6130,-
  Tiltaksklasse 2 7500,- 7725,-
  Tiltaksklasse 3 8820,- 9090,-
2.1.3 Eitt trinns handsaming    
  Tiltaksklasse 1 9370,- 9650,-
  Tiltaksklasse 2 14630,- 15070,-
  Tiltaksklasse 3 17900,- 18450,-
2.1.4 Tilbygg/påbygg    
  < 30 m² 25 % av basisgebyr 25 % av basisgebyr
  > 30 m² < 100 m² 50 % av basisgebyr 50 % av basisgebyr
  > 100 m² 100 % av basisgebyr 100 % av basisgebyr
2.1.5 Garasjer/bustadbrakker/naust/basseng etc. 50 % av basisgebyr 50 % av basisgebyr
2.1.6 Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr i den kategori bygget omfattar 100 % av basisgebyr 100 % av basisgebyr
2.1.7 Ved bruksendring skal det betalast 50 % av fullt gebyr inkludert basis- og  arealgebyr 50 % av basisgebyr 50 % av basisgebyr
2.1.8 Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, vindaugeskift(som medfører fasadeendring), støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner,skilt,balkongar etc. 2100,- 2170,-
2.1.9 Avvik frå høgde/avstand etter pbl § 29-4 3320,- 33420,-
2.1.10

Dispensasjon med heimel i pbl § 19

Gebyr for dispensasjon kjem i tillegg til saksgebyr

   
a For handsaming av søknad om dispensasjon frå kommuneplan, reguleringsplan, utbyggingsplan eller føresegner i plan- og bygningslova i saker som skal på ekstern høyring og/eller politisk behandling 16070,- 16550,-
b For handsaming av søknad om dispensasjon i saker som ikkje skal på ekstern høyring 6700,- 6900,-
c For handsaming av søknad om dispensasjon, bagatellmessige enkle dispensasjonar i byggesakshandsaming 3330,- 3430,-
2.1.11 For separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar og konstruksjonar som ikkje gjev BRA 2060,- 2120,-
2.1.12 Endring av løyve skal det betalast 50 % av basisgebyr 50 % av basisgebyr 50 % av basisgebyr
2.1.13 I tillegg til basisgebyr skal det betalast eit arealgebyr for kvar kvm (m²). Bruksareal kr 14,- for bygg < 300 m² og kr 26,- for bygg >300 m²    
2.1.14 Gebyr for meirarbeid ved mangelfull søknad 500,- 520,-
2.2 Godkjenning av ansvarsrett    
2.2.4 Ansvarsrett for sjølbyggar 850,- 880,-
2.3 Handsaming av utsleppsløyve    
2.3.1 Anlegg der utsleppet er kalkulert til under 15 PE 5270,- 5430,-
2.3.2 Anlegg der utsleppet er kalkulert til mellom 15 og 100 PE 7370,- 7590,-
2.3.3 Anlegg der utslettet er kalkulert til mellom 100 og 1000 PE 11680,- 12030,-
2.3.4 Anlegg for utslepp av gråvatn 2460,- 2530,-

 

Generelle reglar:
 
Betalingsplikt:
Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden blir avslått. 
 
Gebyr skal vera betalt innan 30 dagar rekna frå fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen krevje eit purregebyr på 10 % av rettsgebyret. Må kommunen purre fleire gonger, skal kommunen i tillegg til purregebyr krevje morarente i samsvar med morarentelova frå forfallsdato.
 
Det kan ikkje krevjast rentetillegg ved for mykje betalt gebyr.
 
Kva for regulativ skal nyttast:
 
Gebyra skal reknast ut etter regulativet som gjeld den datoen kommunen tok imot ei tilfredsstillande plan eller søknad.
 
Betalingspunkt:
 
Før kommunen skriv ut bruksløyve eller ferdigattest, skal tilhøyarnde gebyr vera betalt.
 
For søknadsaker kan kommunen krevje at tilhøyrande gebyr skal vera betalt før saksbehandling tek til. For saker som skal betalast etter medgått tid og utlegg til sakkunnig hjelp, skal kommunen ved forskotsbetaling skrive ut eit førebels gebyr i samsvar med gitt overslag. Når kommunen sitt arbeid er fullført, skal kommunen rekne ut det endelege gebyret og skrive ut tilleggsrekning eller betale attende for mykje betalt gebyr.
 
Også for andre arbeid kan kommunen krevje at gebyret er betalt før kommunen sitt arbeid tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Til vanleg bør gebyr som skal reknast ut etter brukte timeverk og kommunen sine utlegg til sakkunnig hjelp, bli utskrive i ettertid.
 
Ved store oppdrag kan kommunen skrive ut rekning på utførte deler av arbeidet, men ikkje oftare enn månadsvis.
 
Klage på fastsetjinga av eit gebyr eller avgjerd av søknad om heilt eller delvis fritak for å betale gebyr, medfører ikkje forlenga betalingsfrist.
 
Urimelege gebyr:
 
Dersom eit gebyr er openbart urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn, det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den som han/ho gjev fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.
 
Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.
 
Fritak for gebyr:
 
Når særlege grunnar tilseier* det, kan kommunen etter kommunalt fastsette retningsliner heilt eller delvis gje fritak for betaling av gebyr til kommunen i ei konkret sak.
 
*Særlege grunnar kan vera tiltaksorintert eller eller tiltakshavarorientert. Eksempel på ein tiltaksorientert sak er: Melding/søknad som gjeld eit freda eller verneverdig kulturminne. Eksempel på tiltakshavarorientert forhold er: Tiltakshavar si betalingsevne eller samfunnsfunksjonar for eksempel ein humanitær organisasjon. Generelt bør kommunen sine inntekter og utgifter førast i kommunerekneskapet deir dei høyrer heime. Dersom kommunen ettergir krav på gebyr i vernesaker, bør dette i kommunerekneskapet kome til uttrykk som kommunalt tilskot til kulturvernet. Og tilsvarande ved tiltaksorientert ettergjeving av gebyr: som sosialutgifter eller tilskot til organisasjonar.
 
Klage:
 
Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak gjort i medhald av dette regulativet for gebyr etter plan- og bygningslova og forureiningslova. Kommunal klagenemd er klageinstans for tilsvarande gebyrvedtak etter matrikkel- og eigarseksjonslova.
 
Avbrote arbeid:
 
Når ein tiltakshavar er årsak til at kommunen sitt arbeid blir avbrote, skal det betalast gebyr etter i høve til det som er utført eller det som kommunen må utføre.
 
Endring av regulativet eller gebyrsatsane:
 
Kommunestyret vedtek endringar av gebyrregulativet, normalt i samband med kommunestyret si behandling av budsjettet for komande år.
Dersom kommunestyret ikkje gjer vedtak om anna regulering av satsane, skal administrasjonen med verknad frå 1. januar kvart år regulere satsane etter utviklinga i konsumprisindeksen frå oktober førre år til oktober siste år. Ved nemde regulering skal ein avrunde satsar frå kr 50 og oppover til heile 10 kroner. 
 
                           
 
Tips en venn Skriv ut