Satsar og gebyr - kart og oppmåling

Gebyr for arbeid etter matrikkellova

Matrikkellova vart sett i kraft 01.01.2010 og avløyste frå same dag delingslova. Rekvisisjonspunktet er rekna som tidspunkt då komplett rekvisisjon føreligg. Kommunen er med matrikkellova pålagt utvida undersøkingsplikt og sakshandsamingsrutinar. Matrikkellova legg til grunn at kommunen kan få dekkja sine samla utgifter for oppgåver etter lova gjennom dei gebyrheimlane lova gjeld.

(det er ikkje mva på gebyr etter matrikkellova)

Gebyra vart vedtekne i kommunestyret 13. desember 2018 og gjeld frå 01.01.2019.

Nr. Type Beløp 2018 Beløp 2019
1.1 Oppretting av matrikkeleining    
1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn    
a Areal frå 0-500 m² 12320,- 12690,-
b Areal frå 501 - 2000 m² 18210,- 18760,-
c b + areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. 1600,- 1650,-
d areal over 20000 m² - minstepris medgått tid eller 48200,- 49650,-
e Oppretting av grunneigedom med utsatt oppmålingsforretning 9640,- 9930,-
1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn    
a areal frå 0-500 m² 12320,- 12690,-
b areal frå 0-2000 m² 18210,- 18760,-
c b +  areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. 1600,- 1650,-
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon    
  Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon    
a areal frå 0-50 m² 6430,- 6630,-
b areal frå 51-250 m² 9100,- 9370,-
c areal frå 251- 2000 m² 17140,- 17660,-
d c + areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. 1600,- 1650,-
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom    
  Gebyr for oppretting av grunneigedom    
a Volum frå 0-2000 m² 21420,- 22060,-
b a + volum frå 2001 m² - auke pr. påbegynt 1000 m² 1600,- 1650,-
1.1.5 Registrering av jordsameige    
  Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige blir fakturert etter medgått tid.    
1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning    
  Viser til 1.1,1.2 og 1.4. I tillegg kan det komme tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning.    
1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering    
  Gebyr for utført arbeid når saka vert a) trekt før den er fullført, b) må avvisast, c) ikkje let seg matrikkelføra på grunn av endra heimelsforhold eller d) av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2 eller medgått tid.    
1.3 Grensejustering    
1.3.1 Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av den minste eigedomens areal. (Maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.    
a Areal frå 0- 250 m² 7500,- 7725,-
b Areal frå 251 - 500 m² 9640,- 9930,-
1.4 Arealoverføring    
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameiga    
  Ved arealoverføringskal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål.    
a Areal frå 0 - 250 m² 9640,- 18640,-
b Areal frå 251 m²- 500 m² 11780,- 21780,-
c b + arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ei auke av gebyr 1820,- 1880,-
1.4.2 Anleggseigedom    
  For anleggseigedom kan volum som ikkje skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, ikkje vere registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan kun overførast til ein matrikkeleining viss vilkåra for samanføying er til stade. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.    
a Volum frå 0 - 250 m² 7500,- 7725,-
b Volum frå 251 - 1000 m² 9640,- 9930,-
c b + Arealoverføring pr. nytt påbegynte 500 m ³ medfører ei auke av gebyr 1820,- 1880,-
1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning    
a For inntil 2 punkt eller 100 m grense 4280,- 4400,-
b For overskytande grensepunkt, pr. punkt 870,- 900,-
1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grense ikkje tidlegare er koordinatbestemt/ eller klargjering av rettar    
a For inntil 2 punkt eller 100 m grense 7500,- 7725,-
b For overskytande grensepunkt, pr. punkt 1820,- 1875,-
c Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid.    
1.7 Privat grenseavtale    
  Gebyret vert fastsett etter medgått tid.    
1.8 Urimelege gebyr    
 

Dersom gebyret åpenbart er urimeleg i høve dei prinsippa som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gitt fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr.

Den som har fullmakt kan under same forutsetningar og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.

   
1.9 Betalingstidspunkt    
  Gebyret kan krevast inn når matrikkelbrevet er ferdig utarbeida og skal tinglysast.    
1.10 Forandringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka    
  Gjer rekvirenten under sakas gang forandringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, opprettheld ein likevel gebyret, eller det vert utrekna etter medgått tid.    
1.11 Utlevering av matrikkelbrev og andre utlegg    
a Matrikkelbrev inntil 10 sider 200,- 210,-
b Matrikkelbrev over 10 sider 380,- 390,-
c Grensebolt pr. stk 135,- 140,-
1.12 Gebyr rekna på grunnlag av medgått tid    
  Gebyr for oppmålings teknisk arbeid som ikkje kjem innunder ovannemde satsar skal reknast ut på grunnlag av medgått tid.    
1.12.1 Timesats kontorarbeid 1040,- 1070,-
1.12.2 Timesats markarbeid 1400,- 1440,-
  Minstegebyr medgått tid 3430,- 3530,-
  Timesatsen for kontorarbeid inkluderer normale uttak av adm. støtte. Timesatsen for markarbeid omfattar transport til og frå arbeidsstaden samt naudsynt merkemateriell.    
1.13 Tidsfristar    
  Kommunen legg til grunn dei tidsfristar som føl av matrikkelforskrifta §§18 og 19 ved behandling av saker etter matrikkellova. Eit unntak er likevel saker som krev arbeid i marka, og som kjem kan gjennomførast før snøforholda tillet slikt arbeid. Fristen løper ikkje i tidsrommet 14. oktober - 14. april pga. snøforhold.     
1.14 Gebyrbehandling av frådelingssøknad    
    4650,- 4790,-

 

Betaling skal skje etter det regulativ og dei satsar som gjeld på rekvisisjonstidspunktet. Utlegg til tinglysingsgebyr, eventuelt dokumentavgift, pantefråfall og utskrifter ut over det kommunen har fri tilgong til, kjem i tillegget til gebyr for den einskilde forretning.

Gebyr for tenester etter eigarseksjonar (§ 7)

Med heimel i lov om eigarseksjonar vart det frå 01.01.2006 innført slike betalingssatsar relatert til ei kvar tid gjeldande sats for rettsgebyret.  Pr. 2019 er rettsgebyret kr. 1130,-.

Seksjonsgebyr

Krav om seksjonering eller reseksjonering av ein eigedom:

a. Sak som krev synfaring:                      5 rettsgebyr
b. Sak som ikkje krev synfaring:              3 rettsgebyr

Der saka vert trekt, og der løyve til seksjonering ikkje vert gjeve, vert gebyret ikkje refundert.

Utarbeiding av matrikkelbrev for grunnareal til seksjon

Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til seksjoneringsgebyr betalast for oppmåling.

Ved reseksjonering som medfører endring av grenser for ein seksjon sitt uteareal, skal det lagast nytt matrikkelbrev. Gebyr skal svarast i samsvar med ovanståande satsar.

Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering av eit bruksnummer eller festenummer , fører til godkjenning eller nytt avslag , skal halvparten av tidlegare betalt gebyr koma til frådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag. ( Kjem ny søknad på seinare tidspunkt, skal det betalast fullt gebyr).  

Forskrift om frist i saker som krev oppmålingsforretning i Lærdal kommune

§ 1 Føremål

Føremålet med forskrifta er å forlengja sakshandsamingsfristen på 16 veker i månader der snø og vinterstengde vegar kan hindra gjennomføring innan fristen.

§ 2 Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Når klimatiske forhold tilseier det, vert tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18,1.ledd, ikkje gjeldande i perioden 14. oktober - 14. april. I dei deler av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 14. april, tek ikkje tidsfristen til å gjelda før vegane er opna etter vinterstenging.

§ 3 Iverksetjing

Denne forskrifta gjeld frå 01.01.2015

Tips en venn Skriv ut