Skal du hogge gran i vinter ?

Bålpanne

Kursdag i kapping torsdag 14. desember 2017 kl. 10.00

Den kommunale skogforvaltninga i Sogn - Skog i Sogn - vil arrangere kurs i kapping/aptering på Li, indre Hafslo. Det er alltid nokre skogeigarar som hogg sjølve, og det har vore tradisjon i å arrangere kurs i korleis du går fram når du skal hogge sjølv og levere virke frå skogen din til tømmerkjøper. 

Arnt Laukeland som er  Aktivt skogbruk sin instruktør viser korleis ein kapper grantreet optimalt. 
Skur, skurslip, slip, lengd, toleranse for  kvist, sleng, krok, råte m.m. 

Kle deg godt. Der vert servert skogskaffi med noko attåt. 

Påmelding til:
arne.kristian.borger@luster.kommune.no 
Gje opp namn og mobilnummer. 

 

Tips en venn Skriv ut