Skogplanting i Sogn våren 2017

Våren er beste tida for skogplanting, og vi ønskjer tinging av plantar no fram til 1.april.
Skoglova legg opp til at hogstflater skal ha tilfredstillande forynging, godkjent av den kommunale skogforvaltninga.  Dette for å sikre ein framtidig økonomisk drivverdig skog av god kvalitet.
I praksis er dette avhengig av bonitet og kva som er naturleg for området i høve planting eller naturleg gjenvekst.
I hovudsak skal  hogst i granfelt  tilplantast med gran. Skogforvaltinga kan  i enkelte høve godkjenne naturleg gjenvekst av  lauvtreslag . Skogeigar vert då oppmoda om å ta eit dagskurs i stell av lauvskog. Vel ein naturleg gjenvekst av delar og hogstfelta er det krav om at skogforvaltninga i samråd med skogeigar lager eit plankart som viser ulike tiltak og framtidig skjøtsel av feltet som skal foryngast.
På furumark bør det plantast med furu av lokal proveniens (herkomst) eller ved frøtrestilling. 

Suppleringsplanting  gir moglegheit for optimal skogproduksjon i felt der planter av ein eller annan grunn har gått ut. Dette gis det ekstra tilskot til.

Tilskot: 
På kommunane si heimeside kan du sjå dei ulike tilskotssatsane på skogplanting (skogkultur)
I dei fleste høve er det eit statstilskot på 40 til 60 %.  Luster har og eit kommunalt tilskot til planting.

Planter tingast for din kommune til:
Høyanger-Balestrand :  Jørgen Hundseth, : jorgen.hundseth@balestrand.kommune.no

Vik-Leikanger :  Torkjell Dyrdal : torkjell.dyrdal@balestrand.kommune.no

Sogndal-Luster-ÅLA:      Borger Arne Kristian:  Arne.Kristian.Borger@luster.kommune.no

Tips en venn Skriv ut