Skulefritidsordninga- SFO

Føremål med tenesta

Tenesta er eit frivilleg opphaldstilbod der ein fører tilsyn, gjev omsorg og tryggleik til elevar i 1.-4.klasse, før og etter ordinær skuletid. Tenesta skal gje høve til frileik, kvile og kultur- og fritidsaktivitetar som høver til alderssteget. Det kan vere tilbod om eit enkelt måltid. Rektor er øvste pedagogiske og administrative leiar.

Kven får tenesta

SFO-tilbod vert gjeve til elevar i 1. - 4. klasse. I særlege høve kan tilbodet gjevast til elevar t.o.m. 7. klasse.

Korleis få tenesta

Plass vert tildelt etter søknad på eige søknadsskjema. Søknadsfrist om våren, vert fastsett ved kvar skule.

Kva omfattar tenesta

Tilsyn, omsorg, fritidsaktivitetar, leik og kulturelle aktivitetar.

Desse skulane har SFO-tilbod:
• Lærdalsøyri skule
• Ljøsne skule
• SFO-tilbodet ved Oppvekst Borgund vert gjeve i Borgund barnehage

Opningstider:
Lærdalsøyri SFO: kl 06.45- 16.00
Ljøsne SFO: kl 07.30- 16.00
Borgund SFO: kl 07.00- 16.30 (ved behov kl 06.45- 16.30).

Heimelsgrunnlag

Opplæringslova.

Klage

Opptaksnemnd, som består av rektor, leiar i SU (samarbeidsutvalet) og dagleg leiar i SFO.
Formannskapet er klageorgan. Frist for å klage er 3 veker etter at vedtak om heilt eller delvis avslag er gjeve.

Kontaktinformasjon

Lærdalsøyri SFO
Tlf: 57 64 13 30
Tlf: 57 64 13 33 (sentralbord)
Tlf: 57 64 13 25 (rektor)
Dagleg leiar: Marta Pernille Bjørkum

Ljøsne SFO
Tlf: 57 66 93 36
Tlf: 57 66 91 55 (rektor)
Dagleg leiar: Jan Frode Hellebø

Borgund SFO
Tlf: 57 66 87 39
Tlf: 57 66 81 15 (rektor)
Dagleg leiar: Jenny Gerd Liøen

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Eining

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS