Skuleskyss i grunnskulen
Kven får tenesta
Elevar som bur meir enn 4 km frå skulen har rett til fri skuleskyss. Retten gjeld ikkje til og frå skulefritidsordninga. Skyssgrensa for elevar i 1. klasse er 2 km. Skulane har oversikt på avstand mellom heim og skule. Pr definisjon er avstaden rekna frå dør til dør etter kortaste vinterbrøytt veg.
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til skuleskyss uavhengig av skyssgrenser. Føresette kan søkja kommunen om fri skyss med grunngjeving om at vegen er trafikkfarleg eller vanskeleg.
Søknadsfristen er vanlegvis ved innskrivinga for 1. klasse om våren.
Korleis få tenesta
Skulen hentar inn opplysningar om skulevegen og alder til alle elevane som har rett til skuleskyss. Desse får automatisk skysskort frå skulen. Dersom foreldre/føresette vil klaga på at eleven ikkje har fått fri skuleskyss, må dei senda skriftleg søknad på fri skyss til den enkelte skule.
Ansvarleg for oppsetting av skuleskyss er tenesteleiarane ved kvar skule. Tenesteleiar ved Lærdalsøyri skule samordnar skyssopplegget for heile kommunen og sender det over til Sogn Billag L/L i god tid før skulestart.
Heimelsgrunnlag
Opplæringslova § 7-1.
Kontaktinformasjon
Lærdalsøyri skule
Skulevegen 11
6887 Lærdal
Tlf: 57 64 13 33
Publisert: tirsdag 7. september 2010, 10:24
Oppdatert: fredag 3. desember 2010, 11:45