SFO:

SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og vert ikkje rekna som skuletid. Elevane har altså ikkje rett på gratis skyss når dei har full SFO-plass. Barn som har plass i SFO om ettermiddagen, får skysskort som berre gir dei rett til skyss om morgonen. Barn som har plass i SFO om morgonen, får skysskort som berre gir rett til skyss om ettermiddagen. Me ber heimen sjekke at skysskortet til barnet er korrekt i høve til rett på gratis skuleskyss, og evt. ta kontakt med skulen dersom noko er uklart.

Barn som ville hatt rett på skyss viss dei ikkje hadde hatt SFO-plass:

Dersom eit barn som har plass i SFO skal heim rett etter skuletid i staden for på SFO, må skulen få melding om dette frå heimen. Det same gjeld for dei som har plass om morgonen, men ikkje skal på SFO. Når skulen mottek slik melding, vert det skrive ut skyssrekvisisjon som barnet skal levere på bussen. Me ber om at de melder dette inn til SFO-leiar eller kontaktlærar seinast dagen før skyssrekvisisjonen skal brukast.

Leksehjelp:

Det er ingen rett til skyss etter leksehjelp. Elevane får følgje bussen kl.14.35 mot betaling.

For barn som går på ein annan skule enn nærskulen:

Dei som ville hatt rett på skyss til nærskulen, får dekka skyss ved skulebyte. Dei som ikkje ville hatt rett på fri skuleskyss ved å gå på nærskulen, må sjølv betale skuleskyssen ved skulebyte.

Skulevegen til/frå Ofta:

Denne vegen er rekna som farleg skuleveg for 1.-4. klassingane.

Delt bustad:

Dei som har delt bustad der ein har rett på skyss til/frå begge adressane, eller rett på skyss til/frå den eine adressa, må melde frå til skulen om dette.

Skysskort/verdikort:

Elevar som skal ta buss utan gyldig skysskort eller rekvisisjon, må betale for skyssen.

Info om kjøp av verdikort/månadskort for dei som ikkje har rett på fri skuleskyss: Verdikort kan ein kjøpe direkte på bussen. Det fungerar som eit klippekort. Les meir på Kringom sine nettsider.