Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter
Lærdal kulturhus opna i 1996. Huset ligg på elvebreidda mot Lærdalselva og er samlokalisert med Norsk Villakssenter, som gjev innsyn i livshistoria til den atlantiske laksen og formidlar historia rundt laksefisket i Lærdalselva. Det vert no bygt kunstsenter i forlenginga av dagens bygningskropp.
Gjesmesamlinga
Lærdal kommune fekk i 1994 ei eineståande kunstgåve på vel 1.500 kunstverk frå den lokale kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994). Samlinga omfattar måleri, grafikk, teikningar og skulpturar.
Samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst
I 1999 inngjekk Lærdal kommune samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst. I fem sesongar har det kjende kunstmuseet hatt gjesteutstillingar i Gjesmegalleriet. Sommaren 1999 sende museet brev til Lærdal kommune om si interesse for nye, større og brannsikre gallerilokale i Lærdal. I brevet gjev museet uttrykk for at dei helst ser plasseringa i samband med Norsk Villakssenter/Lærdal kulturhus.
Tankar om eit senter for kunstformidling i Sogn
Då direktør Morten Johan Svendsen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum offisielt opna utstillinga til Astrup Fearnley Museet på Gjesmegalleriet i 2003, kom han med idear om nye lokale for utstilling og oppbevaring av kunsten til Hans Gjesme. Svendsen utdjupa seinare tankane om eit senter for kunstformidling i Sogn.
Oppstart av forprosjektet
Lærdal kommune vedtok i 2004 oppstart av eit forprosjekt for å greie ut føresetnader for etablering av nye magasinerings- og utstillingslokale for Gjesmeutstillinga. Under arbeidet vart det semje om å utvida perspektivet og sjå den regionale kunstformidlinga i ein større samanheng. Arbeidstittelen vart utvida til Indre Sogn Kunstsenter. Det vart oppnemnd ei forprosjektgruppe, som skulle avklare ulike sider ved prosjektet. Forprosjektrapporten var ferdig i oktober 2005, og prosjektgruppa gjorde framlegg om byggestart hausten 2006, med opning 1. juni 2007.
Arkitektkonkurransen
Sommaren 2006 innbaud Lærdal kommune til open, internasjonal arkitektkonkurranse, med innleveringsfrist 18. august 2006. Konkurranseutkasta skulle ta vare på heilskapelege og gode løysingar, og juryen ønskte at Indre Sogn Kunstsenter skulle få ei utforming og ein kvalitet som var teneleg for Gjesmesamlinga, og som skulle fungere som møteplass for fastbuande og tilreisande. Det tyske arkitektkontoret Brethdelacalle, ved arkitektane Simon Breth og Rut de la Calle, vann konkurransen. Det vart levert inn 47 utkast til prosjekt innan tidsfristen.