Sosiale ordningar

Føremål med tenesta

Fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levevilkåra for vanskelegstilte, bidra til auka likeverd og likestilling, samt førebyggje sosiale problem. Bidra til at den einskilde har ein plass å bu, samt ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære i fellesskap med andre.

Kva omfattar tenesta

• RÅD OG RETTLEIING


Økonomisk sosialhjelp kan gjevast til personar over 18 år. Økonomiske ytingar eller lån, vert gjeve til personar som ikkje er i stand til å sørgje for sitt livsopphald, eller i særlege tilfeller treng hjelp til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. Det er ei økonomisk vurdering som ligg til grunn for utbetalinga. Vurderinga vert gjort ut i frå brukar sin samla økonomiske situasjon, og etter framlagt dokumentasjon på denne. Ein må rekne ca ei til to vekes sakshandsamingstid. Før ein søkjer økonomisk sosialhjelp skal alle andre mogelegheiter til å klare seg vere prøvd.
• ØKONOMISK SOSIALHJELP


Sosialtenesta kan yte økonomisk ”naudhjelp”, dersom ein ikkje har pengar til mat fordi det har oppstått ein uføresett situasjon. Sosialtenesta vurderer om det er behov for naudhjelp. Ein får ikkje naudhjelp til å dekkje vanlege eller forutsigbare utgifter.

Søknad om økonomisk sosialhjelp kan sendast til sosialtenesta.

• RUSOMSORG


Føremålet med tenesta: Sosialtenesta si oppgåve er å arbeide med førebyggande rusarbeid. Sosialkontoret kan leggje til rette for støttetiltak i kommunen, dersom dette ikkje er tilstrekkeleg kan sosialkontoret søkje behandling i institusjon. Sosialtenesta skal også følgje opp personar som er under behandling i institusjon, og drive ettervern for dei som har fått behandling.

Sosialtenesta er fyrstelineteneste for personar med rusproblem. Vi kan gje deg eller dine informasjon om ulike behandlingstilbod og hjelpeordningar. Vidare kan vi formidle kontakt med rusmiddelkonsulenten for Indre Sogn, som har kontor i Sogndal.
Dersom ein har trong for hjelp kan ein ta kontakt med sosialkontoret eller eventuelt lege.

Når kan ein søkje hjelp: Ein kan søkje hjelp når rusmisbruk har vorte eit problem for deg eller ein av dine næraste. Ta også kontakt dersom du lurer på om alkohol eller andre rusmidlar er i ferd med å bli eit problem.


• HUSBANKEN SINE ORDNINGAR


Bustønad: Føremålet med ordninga er å medverke til at eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi skal kunne skaffe seg eller bli buande i ein god bustad. Bustønad er behovsprøvd, og det blir stilt bestemte krav til både husstanden og bustaden.
Søknad vert registrert av kommunen, og behandla av Husbanken.
Søknadsfristar: 10. februar, 10. juni og 10. oktober.

Startlån er eit lån som kan gå til personar med etableringsproblem på bustadmarknaden.

Lånet kan gå til:

Kjøp av bustad:
topp- eller fullfinansiering
bli buande i eigen bustad: utbetring, refinansiering
byggje bustad:
toppfinansiering ved nybygging

Bustaden skal vere eigna, rimeleg og nøktern. Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande.

Bustadtilskot til tilpassing av bustad:

Tilskotet kan gjevast til husstandar der minst eit medlem er:
Funksjonshemma eller over 60 år

Føremålet er å sørgje for at eldre og funksjonshemma får ein bustad som over tid fungerer godt i høve rørslevanskar eller anna funksjonshemming.

Bustadtilskot til etablering:

Føremålet med ordninga er at den skal hjelpe husstandar med svak økonomi til å få nøkterne og eigna bustader. Den er spesielt retta mot:

fysisk og psykisk funksjonshemma utan naudsynte økonomiske midlar
særleg vanskelegstilte husstandar utan naudsynte midlar
unge i etableringsfasen utan naudsynte midlar

Ingen søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande.

-TRANSPORT


Nærare informasjon om desse ordningane, samt søknadsskjema kan ein få ved å venda seg til Lærdal sosialkontor, postboks 83, 6886 Lærdal.
Telefon 57 64 12 00

Personar som har vanskar med å nytta vanlege kollektive transportmidlar på grunn av funksjonshemmingar kan søkje om godkjenning som brukar av transporttenesta.

Søknadsskjema og nærare informasjon kan ein få ved å kontakta Lærdal sosialkontor telefon 5764 12 34.

Søknaden skal sendast til: Lærdal sosialkontor, postboks 83, 6886 Lærdal.
Det er ikkje søknadsfrist, søknadene vert behandla fortløpande.

• TRANSPORTKORT


Personar som har vanskar med å nytta vanlege kollektive transportmidlar på grunn av funksjonshemmingar kan søkje om godkjenning som brukar av transporttenesta.

Søknadsskjema og nærare informasjon kan ein få ved å kontakta Lærdal sosialkontor telefon 5764 12 34.

Søknaden skal sendast til: Nav, postboks 83, 6886 Lærdal.
Det er ikkje søknadsfrist, søknadene vert behandla fortløpande.

• FØLJEKORTORDNING


Funksjonshemma som må ha med seg følgje når dei skal ut, skal sleppe å betale for den som følgjer dei. Dette gjeld billett ved reiser, og inngangsbillett til ulike kultur- og fritidsarrangement.

Ordninga gjeld for personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år, og det må føreliggja ein openbar trong for å ha med følgje.
Følgjekortordninga er innført på alle reiser med offentleg transportmiddel i Sogn og Fjordane, og den er innført på alle NSB sine tog.

I Lærdal gjeld ordninga for kommunen sine arrangement.
Der ordninga er godkjend skal det vere syneleg merka.
Følgjekort vert tildelt av kommunen etter søknad på fastsett skjema.

Opplysningar om følgjekortordninga og søknadsskjema får ein ved å kontakta Nav.

Søknaden skal sendast til Nav, postboks 83, 6886 Lærdal.

Det er ikkje søknadsfrist, søknadene vert behandla fortløpande.




• ADOPSJON


I adopsjonssaker vert det alltid stilt krav om sosialrapport. Dersom ein tenkjer å adoptere må ein ta kontakt med sosialkontoret. Rapporten som vert skreve vil vere ein presentasjon av dykk som søkjarar, dykkar tankar kring born og adopsjon. Sosialrapporten kjem med ei tilråding til Statens ungdoms – og adopsjonskontor, som gjev den endelege godkjenninga. Ein sosialrapport som skal nyttast i høve til adopsjon, skal skrivast over tid. Det tek ca. eit halvt år å ferdigstille ein slik rapport. Rapporten vert skriven på grunnlag av samtalar med dykk, og med samtalar med eventuelle born i familien. Samtalane vert gjennomført på sosialkontoret og i heimen dykkar.

For nærare informasjon, ta kontakt med sosialkontoret.

Kontaktinformasjon

Lærdal Rådhus
Kontor i 3. etg.
Kontortid måndag -fredag 08:00 -15:00
Telefon: 57 64 12 00
Tenesteleiar: Marianne Voldum 57 64 12 30, mobil 97 58 27 15
E-post: marianne.voldum@laerdal.kommune.no

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS