Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - VIKTIG ENDRING

Borlo bygdetun

Søknadsfrist er 15.april. Den er endeleg av di det digitale systemet vert stengt.

 
 

Frå søknadsomgagnen 2019 har SMIL fått digitalt søknadssystem. Søknadane skal fra no søkjast på gjennom digital løysing via altinn, på same vis som PT, RMP og liknande. 


Elektronisk link til digitale søknadar finn du på her

Sjå elles skriv frå Fylkesmannen


Det er utarbeidd tiltaksstrategi 2017 – 2020 for SMIL og NMSK-midlar. Strategien ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside under landbruk - planar.

Hovudmålsettinga med SMIL-midlane er å stimulere til utnytting og ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukslandskapet og i skogen samt redusera ureininga frå landbruket. Det kan søkast om tilskot til konkrete tiltak mot ureining, vegetasjonskontroll i attgrodd landskap, tiltak for ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminneverdiar, til ferdselsårar på eigedomar med aktivt landbruk, utvendig restaurering av verneverdige bygningar og utarbeiding av planar for gjennomføring av aktuelle tiltak som kan vera aktuelle for tildeling av SMIL-midlar. 

 
Spørsmål kan rettast til Felles Landbrukskontor ÅLA, tlf 57641200.
 
 
 

 

Tips en venn Skriv ut